Sigval Bergesen d.y.

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sigval Bergesen d.y.

Statsborgarskap Noreg
Fødd 27. april 1893
Stavanger kommune
Død

7. mai 1980 (87 år)
Oslo

Yrke reiar
Far Sigval Bergesen

Sigval Bergesen d.y. (27. april 18937. mai 1980) var ein norsk skipsreiar fødd i Stavanger.

Bergesen byrja i arbeidslivet i faren, Sigval Bergesen d.e., sitt reiarlag i 1916. Han gjekk ut av rederiet Sigval Bergesen, og starta reiarlaget Sigval Bergesen d.y. & co i 1936. Under andre verdskrigen fekk Bergesen eigarskap i Rosenberg Verft som var grunnlagt av faren og Knud Zimmer i 1897. I tida etter verdskrigen vart ei rad fartøy bygd for reiarlaget på skipsverftet, fram til Rosenberg i 1970 vart seld til Kværner.

Etter at han døydde i 1980 vart det oppretta eit allmennyttig fond i Bergesen og kona hans sitt namn – Sigval Bergesens d.y. og Hustru Nanki´s Almennyttige Stiftelse.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]