Sigvart Dagsland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sigvart Dagsland

Fødd18. oktober 1963 (60 år)
FødestadStavanger kommune
OpphavNoreg
Sjangerpop
Instrumentpiano, vokal
PlateselskapKirkelig Kulturverksted
Verka somsongar, pianist, komponist, plateartist
Gift medKaroline Krüger
BornSophie Krüger
PrisarSpellemannprisen i pop

Sigvart Dagsland (fødd 18. oktober 1963) er ein norsk songar, pianist og komponist frå Stokka i Stavanger. Han er i dag gift med artisten Karoline Krüger, har to døtrer og er busett i Bergen.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Dagsland voks opp på Stokka med to sysken, og starta musikkarrieren sin som gutesopran i Stavanger Domkor i 1975, og gjekk over i Sentralkoret for Stavanger-skulane som tenor i 1978. I tillegg lærte han piano i 7 år i barndommen, og gjekk til songpedagog i to år.

Rundt 1980 blei han med i Ten-Sing-koret Sky-Sing. I 1980 starta han sitt eige band, Tor og Liv som også vart orkester for Sky-Sing. Tor og Liv gav deretter ut ein demo, som kom Erik Hillestad frå Kirkelig Kulturverksted i øyra, og Dagsland fekk slik kontakt med Hillestad.

Hausten 1982 opptrådte Dagsland i den kontroversielle musikalen Dans med oss, Gud, som også resulterte i plateutgjeving. Same året vart han med i humorgruppa Løgnaslaget saman med m.a. Per Inge Torkelsen, deltok på ein revy og gav ut to plater med dei. Som utdanning tok Dagsland forøvrig storfag i juss (1. og 2. avdeling) og grunnfag i nordisk litteratur og språk i Universitetet i Bergen.

I 1984 gav Dagsland endeleg ut sin fyrste singel åleine: Hendt i dag, produsert av Erik Hillestad for Kirkelig Kulturverksted. Hans fyrste solo-LP, Joker, kom ut i 1985, også på same plateselskap. Etter Joker byrja Sigvart sin karriere verkeleg å få luft under vengjene, og plata Alt eg såg frå 1990 gjorde han fortent til Spellemannprisen. Samarbeidet med Kirkelig Kulturverksted har til no resultert i ti plateutgjevingar for Dagsland, og han har gjeve ut 5 på andre plateselskap. Berre i Noreg har Dagsland selt over 250.000 plater.

Særpreg og mangfald[endre | endre wikiteksten]

Stilen på songane til Dagsland er ofte melodiøse pop-balladar på Stavanger-dialekt, men han er samtidig musikalsk allsidig. I løpet av karrieren sin har han m.a. henta inspirasjon frå både gregoriansk musikk, folkemusikk frå Asia, argentinsk musikk og jazz. På ei av platene sine, Underlig frihet, syng han duett med kona, Karoline Krüger. I 2002 deltok han på joleplata Det skjedde i de dager med Prinsesse Märtha Louise og Oslo Gospel Choir. Plata selde i over 120.000 eksemplar. Dagsland har også gjeve ut cd-ar på engelsk, m.a. den siste utgjevinga hans, salmeplata Hymns frå 2009.

Utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

  • Joker (1985)
  • De umulige (1987)
  • Seculum Seculi (1988)
  • Alt eg såg (1990)
  • Sigvarts beste ballader (1991)
  • Bedre enn stillhet (1992)
  • Stup (1994)
  • Det er makt i de foldede hender (1995)
  • Laiv (1996)
  • Fri (1998)
  • Soul ballads (2001)
  • Sigvarts Favoritter (2001)
  • Hjemmefra (2003)
  • Underlig Frihet (2004)
  • Forandring (2007)
  • Hymns (2009)
  • Bryllup og begravelsesorkester (2010)
  • Big-5: Sigvart Dagsland (2010)
  • Villa Nordraak (2012)

I tillegg medverkar Dagsland på mellom anna desse platene:

Kjelder[endre | endre wikiteksten]