Siiri Rantanen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Siiri Rantanen
Siiri-Rantanen.jpg
Fødd 14. desember 1924
Tohmajärvi
Yrke langrennsløpar, sykkelryttar, friidrettsutøvar, mellomdistanseløper
Siiri Rantanen på Commons
Rantanen under Ski-VM 1958

Siiri Johanna Rantanen, fødd Lintunen, (fødd 14. desember 1924) er ein finsk tidlegare idrettsutøvar frå Tohmajärvi i Norra Karelen som vart olympisk meister i 3 x 5 km langrenns-stafett i 1956. I alt vann ho åtte medaljar (1-3-4) i OL/VM-tevlingar 1952-62. Rantanen var aktiv både i langrenn, friidrett og sykling.

Langrenn[endre | endre wikiteksten]

Rantanen deltok og vann ein olympisk bronsemedalje då kvinnelangrenn under Vinter-OL 1952 i Oslo for fyrste gong stod på programmet i eit internasjonalt meisterskap. Framfor seg på resultatlista på 10 km hadde ho landskvinnene Lydia Wideman og Mirja Hietamies. To år seinare vann ho sølv, både på 10 km og i 3 x 5 km stafett, ved Ski-VM 1954 i Falun.

Under Vinter-OL 1956 i Cortina d'Ampezzo vart Rantanen med ein femteplass beste finne i den individuelle tevlinga. Fire dagar seinare gjekk ho Finland inn til olympisk gull i 3 x 5 km stafett, 27 sekundar framom favorittane frå Sovjetunionen. Dei andre på vinnarlaget var Sirkka Polkunen og Mirja Hietamies.

Ski-VM 1958 vart avvikla på finsk heimegrunn i Lahti, sikra Rantanen seg bronsemedaljen på 10 km og ho gjekk Finland inn til sølv på stafetten. Både ved vinterleikane 1960 i Squaw Valley og Ski-VM 1962 i Zakopane vann Finland, med Rantanen på startetappen, bronse i 3 x 5 km stafett. I 1962-VM kom ho elles på fjerdeplass i den då nye distansen over 5 kilometer.

Friidrett og sykling[endre | endre wikiteksten]

Rantanen var finsk meister i terrengløp i 1960 og i 3 x 800 m stafett i 1961. I 1961 vart ho også finsk meister i landevegssykling.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar