Siklebekken

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Springaren Siklebekken er opphavleg forma ut av Myllarguten, men har vore mykje nytta i Hardanger etter hans tid. Slåtten er rekna som ein lydarslått, av di han har fleire taktbrigde, og i si mest utbygde form er han meint å skulle gje at låten av ein bekk som renn. Rikard Berge seier dette om slåtten:

"Siklebekken" er den bedste av alle Myllar-slaattir. Han er aldri å finne med sitt eigi namn paa slaatte-listune hans Myllaren; men de er visst den som av og til kallast "Phantasie av Møllergutten". Anten Myllaren eller andre hev døypt han, veit me ikkje, helst Myllaren. Men han er dikta mellom 1825 og 1840. Ein maa ikkje blande denne slaatten ihop med "Personsvrita," so som mange gjer, og heller ikkje med "Abigelhaugen ("Abildhaugen", "aapaalhaugen"), som andre gjer. De er 3 særskilde slaattir.

Folk er ikkje plent samde om kvar "Siklebekken vart dikta; men um lag alle dei beste sogumennane segjer, at Myllaren vare diktaren. Og ettersom slaatten er, so kann de ikkje vera tvil um anna heller. "Targjei låg inn-mæ ein bekk`e ei gaang, fòrtaald``n. Daa tott``n plent at bekkjen sikla og tulla ein slatt`e fe`n. Den spila`n sia. D`æ den dei kaddar "Siklebekkjen" (Rikard Aslaksson Berge).

Sume segjer Myllaren var med eddands-kverni (Millom Haukelid og Eddand), daa han dikta "Siklebekken". - Myllaren kom fraa Suldal. Han gruna so paa ein slaatt han hadde lært. Han kom paa han ein gong; men so vart han burte att, So lutte han seg ned og drakk i ein bekk; daa rann slaatten fram-att av nyo (Knut Grove, Haukelid). (etter Berge: Myllarguten-Gibøen).

Eivind Groven har sett opp Persons-vrita som variant i gruppa knytt til Siklebekken, og er då ikkje heilt samd med Berge i dette. Myllarguten har støypt saman Persons-vrita, ein gamal telespringar, med slåtten Syreflåten frå Hardanger. Den siste vart skriven ned etter Anders S. Kjerland (sjå nedanfor). Det var ein kar som skulle ha høyrt Myllarguten spela på Syreflåten, og meinte slåtten minte om ein bekk, og Myllaren svara: "Den skal bli til ein bekk au, denne".

Forma som er mest kjend i dag, var brukt av Halldor Meland frå Sørfjorden i Hardanger. Han lærte slåtten av Hans Flatland og Torkjell Haugerud. Denne forma vart og sett ut for symfoniorkester av Eivind Groven, som tredje sats i orkerstersuiten Fjelltonar. Då Meland hadde lært slåtten av Hans Flatland, ringde han til Haugerud for å fortelja det. "Ja, har du det," sa Haugerud, "men Flatland har gløymd noko i slåtten..." "det er rett det," svara Meland", og spurde om han ikkje kunne koma heim til Haugerud for å få resten. "Kom med ein gong," svara Haugerud (fortald av Kjell Midttun, attgjeven i hardingfeleverket, band VI).

Variantgruppa[endre | endre wikiteksten]

Det finst elles ei rekkje mindre former av slåtten under andre namn, både i Telemark, Krødsherad og Hallingdal. Det finst mellom anna ei form etter Johan Kleven, som ikkje er teken med her. Variantane Ruske-Sara, Todeilten og forma etter Jørgen Husemoen utgjer ei undergruppe for seg med sams oppbygging.

Storforma er smidd i hop av desse mindre slåttane, som ikkje tek i bruk alle veka i den store Siklebekken. I Hardingfeleverket har slåtten med variantar nr 499, men det finst nærskylde slåttar under andre nummer:

Nr 499:

Supplementsformer:

Kjelder[endre | endre wikiteksten]