Secchiskive

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Siktedjupne)
Secchiskiver

Ei secchiskive er ei kvit eller kvit/svart metallskive som vert nytta til å avgjere siktedjupna i vatnet. Skiva kan vere sirkulær eller rektangulær. Han vart første gong nytta av Pietro Angelo Secchi i 1865, og er seinare nytta i limnologiske og oseanografiske studiar.

Disken vert montert på ein påle eller ei line og langsamt søkt ned i vatnet. Djupna der disken ikkje lenger er synleg vert rekna som eit mål på sikta i vatnet. Dette målet vert òg kalla secchidjupna og er knytt til turbiditeten til vatnet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

«secchiskive» i Store norske leksikon, snl.no.