Silahdar Damat Ali Pasja

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Silahdar Damat Ali Pasha)
Silahdar Damat Ali Pasja
Fødd1667
Fødestadİznik
Død5. august 1716
DødsstadSlaget ved Petrovaradin
Ranggeneral

Silahdar Damat Ali Pasja, òg kjend som Silahdar Ali Pasja, (fødd 1667 i Iznik, død 1716 i Beograd) var ein osmansk-tyrkisk general og storvesir.

Tidlege år[endre | endre wikiteksten]

Ali Pasja var fødd i İznik (Nikea i antikken), nær Bursa i Tyrkia. Han gjekk i trening på Enderun palasskule i Istanbul og under regjeringstida til Mustafa II vart han vald som personleg sekretær for sultanen. I 1709 vart han trulova med dottera til Ahmet III, og fekk tittelen damat (brudgom) og vart utpeikt som andrevesir. Den 27. april 1713 vart han storvesir.

Tida som storvesir[endre | endre wikiteksten]

Grava til Silahdar Ali Pasha i Beograd.

Kort tid etter han tiltredde i stillinga, oppnådde han å fornye Pruth-traktaten med Russland, og sikra slik den nordlege grensa for Det osmanske riket ved Dnepr.[1]

Tidleg i 1715 flytta han merksemda si mot Morea (Peloponneshalvøya i det sørlege Hellas), som hadde vore under Republikken Venezia sidan Moreakrigen og freden i Karlowitz i 1699. Osmanarane hadde aldri gløymd dette tapet. Då venetianarane gav tilflukt for opprørarar frå Montenegro i provinsen deira Dalmatia, og somme av kjøpmennene deira var involvert i ein strud med osmanske fartøy, nytta Ottoman Porte (regjeringa) dette som tilskot til å erklære krig.

Det påfølgjande felttoget i 1715, leia av Silahdar Ali Pasha sjølv, vart ein stor suksess, og heile Morea fall raskt utan den osmanske armeen tapte særleg med menn.

Habsburgsk Austerrike, som var ein alliert av Venezia, erklærte derimot òg krig mot osmanarane. I 1716 flytta Ali Pasha til den austerrikske grensa, der han kommanderte den osmanske armeen mot austerrikske styrkar under prins Eugene av Savoie i slaget ved Petrovaradin (5. august 1716). Under slaget mista Ali Pasha livet.[2] Han vart gravlagd i Beograd.

Etter han døydde vart han kalla Şehit Ali Pasha (martyr).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Biografi om Ahmet III (tyrkisk)
  2. Prof. Yaşar Yüce-Prof. Ali Sevim: Türkiye tarihi Cilt III, AKDTYKTTK Yayınları, İstanbul, 1991 p 268-269