Silba

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Prvić
Geografi
Stad Adriahavet
Koordinatar 44°23′N 14°42′E

Areal 15 km²

Høgaste punkt Varh (80 moh.)

Administrasjon
Land Kroatia
Fylke Zadar

Demografi
Folketal 265 (2001)

Silba er ei lita øy i Adriahavet ved kysten av Kroatia, søraust for Lošinj, mellom øyane Premuda og Olib. Ho har eit areal på 15 km², forma som eit åttetal. Landsbyen Silba ligg på det smalaste punktet i midten, der øya er 600 meter brei. Silba høyrer til Zadar fylke.

Offisielt har Silba 265 innbyggjarar (2001), men dette talet varierer frå eit par hundre om vinteren til fleire tusen om sommaren. Mange har jobbar og eigedommar på fastlandet, og jobbar med turisme om sommaren, som er hovudnæringa på øya.

Silba har middelhavsklima med i snitt 2 570 soltimar i året. Dei fleste sommaradagane er varme og solrike med ein svak vestleg vind som kjøler ned ettermiddagane.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Øya har fleire mindre strender og viker. Den største offentlege stranda er Sotorišće, som ligg nær hamna Mul, og har klårt og grunt vatn med sandbotn.

På Žalić, er det fleire mindre grusstrender og ein molo. Passasjerbåtar og kommersiell trafikk legg til kai her. På nordsida av landsbyen ligg det høgaste punktet på Silba, Varh på 80 meter. Den nordlege kysten er mindre tilgjengeleg enn den sørlege på grunn av meir steinete kyst.

Det mest populære landemerket på Silba er Toreta, eit glatt tårn med ei spiraltrapp der ein har eit flott utsyn over dei omliggande øyane. Det ligg midt i landsbyen ved Veli Put, hovudgata i Silba. Det er ikkje tillate med trafikk på øya, bortsett frå køyretøy som leverer varer.

Landsbyen har fleire kaféar, fire restaurantar og fleire mindre butikkar.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Silba vart først nemnd i nedskrivne kjelder på 800-talet. I mellomalderen var øya ein del av Venezia. På eit eller anna tidspunkt tok den venetianske familien Morosini over øya, og dei eigde øya fram til byrjinga av 1800-talet. I 1838 selde familien Morosini øya til Marko Ragusin frå Losinj for 28 500 austerrikske lire.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Jurić, Ljubimir. Silba (1910) (reprint 1991: Društvo za zaštitu prirode Silba)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]