Sildajazz
Utsjånad
| Sildajazz | |||
| Stad | Haugesund kommune | ||
|---|---|---|---|
| Land | Noreg | ||
| Type | jazzfestival | ||
| Nettstad | http://www.sildajazz.no/ | ||

Haugesund International Jazz Festival eller Sildajazz er ein norsk jazzfestival som vert arrangert årleg i Haugesund i Rogaland. Festivalen er den nest største i Noreg. Han vart starta i 1987 med fire band, og har sidan vokse til å omfatta rundt 70 band og bortimot 400 norske og utanlandske musikarar fordelt på meir enn 200 arrangement.[1]
Festivalen vert arrangert av stiftinga Sildajazzen og får støtte frå Haugesund kommune, Rogaland fylkeskommune og Norsk kulturråd.
Under festivalen vert ein norsk jazzmusikar eller -gruppe gjeven Sildajazzprisen.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Sildajazz». Fjord Norway. Arkivert frå originalen 20. juli 2022. Henta 20. juli 2022. «Jazzen står i sentrum med 70 orkestre og bortimot 400 musikere fordelt på mer enn 200 arrangementer.»
- Denne artikkelen bygger på «Sildajazz» frå Wikipedia på bokmål, den 23. desember 2025.