Sildball

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Sildball, lokal uttale sillbaill, er ein matrett frå Ytre Nordmøre og Fosen. Hovudingrediensane i sildball er sild, potet, løk og byggmjøl. Ingrediensane blir samanmalne til ein tjukk farse som så blir forma til kuler av ca 5–7 cm diameter og koka — ofte saman med kålrabi og gulrøter — til dei flyt opp. Dei ferdige kokte sildballane er stålgråe av lèt. Det blir ofte hevda at sildballen har ein smak ein lyt venne seg til, men han blir gjerne sett på som ei delikatesse lokalt.

Det er vanleg å leggja i feitt i sildballane før ein kokar dei. Tradisjonelt blir gjerne nitjefeitt (feitt frå sauebuken, for dei som vil ha kjøtsmak) eller smør (for dei ikkje likar kjøtsmaken) bruka.

Ein serverer gjerne sildball med kokt kålrabi, kokte gulrøter, kokte potetar, flatbrød og smør. I mange familiar er det òg skikk å servere steikt kjøt (t.d. svinespekk eller bacon) attåt.