Hopp til innhald

Sildekongefamilien

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sildekongefamilien
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Actinopteri
Underklasse: Neopterygii
Infraklasse: Ekte beinfiskar Teleostei
Orden: Lampriformes
Familie: Sildekongefamilien Regalecidae
United States Navy SEALS held ein 7,0 meter stor sildekonge som blei funnen oppvaska på stranda nær San Diego i California i september 1996

Sildekongefamilien (Regalecidae) er ein familie av store, langstrekte bandfiskar som lever pelagisk i havet.[1] Leveområde deira strekkjer seg frå tempererte til tropiske soner, men fiskane blir sjeldan sett av menneske. Familien omfattar tre artar i to slekter.[2] Ein av desse, sildekonge (Regalecus glesne), er den lengste beinfisken som finst, og kan bli opptil 8 meter lang.[3]

Fisken blir ofte kalla «dommedagfisken», fordi ein historisk sett gjerne såg han i samband med etterfølgjande naturkatastrofar, som jordskjelv eller tsunamiar.[4]

Dei større artene blir rekna som sportsfisk og blir fiska kommersielt i mindre utstrekning, men sildekonge blir sjeldan fanga levande. Dei er ikkje rekna som god matfisk på grunn av den geleaktige konsistensen på kjøtet.[5]

Ryggfinnen tek til over dei relativt store augo og følgker heile lengda på fisken. Av dei rundt 400 ryggfinnstrålaner er dei fyrste 10 til 13 forlenga i ulike gradar, og dannar ein topp som har raudlege flekkar og hudflappar ved stråletippane. Bukfinnane er tilsvarande lang og pryda, men redusert til ein til fem strålar på kvar. Brystfinnane er sterkt reduserte og sit lågt på kroppen. Analfinnen er fullstendig borte, og halefinnen kan òg vera redusert eller forsvunnen, med ein kropp som smalnar til ein spiss.[6]

Som andre medlemmer av ordene sin har sildekongar ein liten men svært utstikkande munn utan synlege tenner. Kroppen har ikkje skjel, og huda er dekka av sølvfarga ganoin. Hjå arten Agrostichthys parkeri er huda dekt med harde tuberklar. Alle artar manglar symjeblære.

Fargen til fiskane er variabel. Flankene er vanlegvis dekka av uregelmessige blålege til svartaktige strekar, svarte prikkar og krussedullar. Merkene forsvinn raskt etter at fisken er død. Det er mogleg at desse merkene er bioluminescente i djuphavet.

Teikning av ein sildekonge som kom til land på ein stand på Bermuda i 1860. Fisken var 16 fot (4,9 m) fot lang, og blei opphavleg skildra som ein sjøsorm.

Sildekongen (Regalecus glesne) er det største medlemmet av familien med ei dokumentert totallengd på 8 meter (26 ft), med ikkje bekrefta funn på 11 meter (36 ft) ft) og 17 meter (56 ft) ft),[7][8][9] og ei vekt 270 kilogram (600 lb).[10] Agrostichthys parkeri er kjend for å nå ei lengt på 3 meter, medan det største registrerte eksemplaret av Regalecus russelii måle 5,4 m.[11][12]

Juvenil sildekonge

Sildekongar lever hovudsakleg av dyreplankton, og siler selektivt ut kril, reker og andre små krepsdyr frå vatnet. Dei et også små fiskar, maneter og akkar.[13] Større kjøttetarar i det opne havet er alle moglege rovdyr for sildekonge.

Som med åtferd og jakt veit forskarar svært lite om den faktiske paringsåtferda til desse fiskane. Ei ho kan produsera hundretusen til millionar egg. Dei legg egg i vassøyla som flyt fritt i vatnet.[14]

  1. Froese, Rainer; Pauly, Daniel (red.). «Family Regalecidae». FishBase. mars 2007-versjonen. 
  2. «Regalecus glesne» (på engelsk). Henta 23. juni 2024. 
  3. McClain, Craig R.; Balk, Megan A.; Benfield, Mark C.; Branch, Trevor A.; Chen, Catherine; Cosgrove, James; Dove, Alistair D.M.; Gaskins, Leo; Helm, Rebecca R. (13. januar 2015). «Sizing ocean giants: patterns of intraspecific size variation in marine megafauna.». PeerJ 3 (e715): e715. PMC 4304853. doi:10.7717/peerj.715. Henta 16. august 2024. 
  4. DiMella, Ashley, "'Doomsday fish' found dead in California days before earthquake struck Los Angeles", Fox News, 17 August 2024
  5. «Rare 'Sea Monster' Washes Ashore In New Zealand». Henta 22. november 2021. 
  6. Olney, John E. (1998). Paxton, J.R.; Eschmeyer, W.N., red. Encyclopedia of Fishes. San Diego: Academic Press. s. 157–159. ISBN 978-0-12-547665-2. 
  7. McClain, Craig R.; Balk, Meghan A.; Benfield, Mark C.; Branch, Trevor A.; Chen, Catherine; Cosgrove, James; Dove, Alistair D.M.; Gaskins, Leo C.; Helm, Rebecca R. (13. januar 2015). «Sizing ocean giants: patterns of intraspecific size variation in marine megafauna». PeerJ (på engelsk) 3: e715. ISSN 2167-8359. PMC 4304853. PMID 25649000. doi:10.7717/peerj.715. 
  8. «Giant deep sea fish first filmed». Henta 22 November 2021. 
  9. Quenqua, Douglas. «Oarfish Offer Chance to Study an Elusive Animal Long Thought a Monster». Henta 22 November 2021. 
  10. Burton, Maurice; Burton, Robert (2002). International Wildlife Encyclopedia (3. utg.). New York: Marshall Cavendish. s. 1767–1768. ISBN 978-0-7614-7279-7. 
  11. «Agrostichthys parkeri (Benham, 1904) Streamer fish». FishBase Consortium. Henta 3. november 2013. 
  12. «Regalecus russelii (Cuvier, 1816) species summary». FishBase Consortium. Henta 3. november 2013. 
  13. Roberts, Tyson R. (November 2017). «Anatomy and physiology of the digestive system of the oarfish Regalecus russellii (Lampridiformes: Regalecidae)». Ichthyological Research (på engelsk) 64 (4): 475–477. Bibcode:2017IchtR..64..475R. ISSN 1341-8998. doi:10.1007/s10228-017-0574-7. 
  14. Forsgren, Kristy L.; Jamal, Homam; Barrios, Andrew; Paig-Tran, E.W. Misty (22. april 2017). «Reproductive Morphology of Oarfish (Regalecus russellii)». The Anatomical Record 300 (9): 1695–1704. ISSN 1932-8486. PMID 28390152. doi:10.1002/ar.23605. 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]