Silhår

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Silhår er eit filter for siling av mjølk. Det er laga av kurumpehår. Silhåret vart lagt over holet i botnen av tresilen. Når mjølka rann gjennom det, filtrerte ein vekk fluger, hår og anna rusk.

Når ein laga silhår klipte ein håret av kurumpa før kyrne vart innsett om hausten. Då var håra på det reinaste. Det avklipte håret vart vaska og kokt. Når ein laga sjølve filteret kunne ein bruke nålebindingsteknikk, etter at kuhåret var spunne i ein tjukk tråd.

Bruken av silhåret vart avløyst av silklut og silvatt.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Bjørn Austigard: Hårsolar og silhår. Romsdalsmuseet, Fiskerimuseet på Hjertøya Årbok 1986