Hopp til innhald

Silia Kapsis

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Silia Kapsis

Fødd5. desember 2006 (19 år)
FødestadSydney
FødenamnVasiliki Silia Kapsis
gresk Βασιλική Σίλια Καψή
OpphavAustralia
Sjangerdanse-pop
Instrumentvokal
Verka somsongar, komponist, skodespelar, popsanger

Vasiliki Silia Kapsis[a] (fødd 5. desember 2006) er ein australsk songar, dansar og skodespelar av gresk-kypriotisk bakgrunn. Ho representerte Kypros i Eurovision Song Contest 2024 med songen «Liar».[1][2]

Vasiliki Silia Kapsis blei fødd den 5. desember 2006 i Sydney i Australia,[3] som dotter av den kypriotiske songaren Jórgos Kapsis og den greske juristen og dansaren Despina «Rebecca» Saivanidis frå Thessaloniki.[1][4][5] Ho vaks opp i eit musikalsk miljø i Sydney og opptredde allereie som fireåring. Ho har vore forsongar i Australian Youth Performing Arts Company (AYPAC) og har delteke i ei rekkje arrangement og konsertar verda over.[4]

Debutsingelen «Who Am I?» skreiv Kapsis som tolvåring og gav han ut i 2022. Året etter gav ho ut singlane «No Boys Allowed» og «Disco Dancer». Den fjerde singelen, «Night Out», kom ut i november 2023.[6] Ho har dansa med ImmaBeast Dance Company i Los Angeles og har jobba med Stephen «tWitch» Boss på The Jennifer Hudson Show. Ho har også delteke i ein dansedokumentar produsert av rapparen Taboo.[4]

Kapsis debuterte som skodespelar i kortfilmen Pearly Gates i 2022 og har jobba på ulike tv-prosjekt for australske Nickelodeon, blant anna som programleiar for Nick News.[7][4]

Den 25. september 2023 kunngjorde den kypriotiske kringkastaren RIK at Kapsis skulle representere Kypros i Eurovision Song Contest 2024 i Malmö i Sverige.[4] Den 29. februar 2024 blei Eurovision-bidraget hennar, «Liar», gjeve ut.[8] Kapsis blei trekt til å opptre fyrst i den fyrste semifinalen tysdag 9. mai 2024. Der blei ho nummer 6 av 15 bidrag og kvalifiserte seg til finalen laurdag 13. mai 2024.[9][10] I finalen enda ho på 15. plass av 25 bidrag.[11]

  1. ↑ gresk skrift Βασιλική Σίλια Καψή
  1. 1 2 Georgiou, Giannis (2023-09-25). «Cyprus: Silia Kapsis will represent the country at Eurovision 2024 with a song by Dimitris Kontopoulos!». Eurovision News | Music | Fun (på amerikansk engelsk). Henta 2023-12-26.
  2. ↑ «Meet Silia Kapsis from Cyprus! And let the Eurovision excitement begin! #Eurovision2024» (på bokmål). Henta 2023-12-26. {{cite journal}}: Cite journal requires |journal= (hjelp)
  3. ↑ «Amrap- Australian Music Radio Airplay project». amrap.org.au. Henta 2023-12-26.
  4. 1 2 3 4 5 «Cyprus: Silia Kapsis joins the party!». eurovision.tv (på engelsk). Den europeiske kringkastingsunion. 2023-09-25. Henta 2023-12-26.
  5. ↑ «SiliaKapsis to represent Cyprus at Eurovision 2024». in-cyprus.philenews.com (på amerikansk engelsk). 2023-12-26. Henta 2023-12-26.
  6. ↑ Tsinivits, Kyriakos (2023-11-02). «Eurovision2024 artist Silia Kapsis releases her new single 'Night Out'». Aussievision (på engelsk). Henta 2023-12-26.
  7. ↑ Adams, William Lee (2023-09-25). «SiliaKapsis: Cyprus confirms its Eurovision 2024 singer». wiwibloggs (på amerikansk engelsk). Henta 2023-12-26.
  8. ↑ Bijuvignesh, Darshan (14. februar 2024). «Cyprus: 'Liar' to be Released on February 29th». Eurovoix. Henta 14. februar 2024.
  9. ↑ Vautrey, Jonathan (12. mai 2024). «Eurovision 2024 semi-finals: Detailed results show Croatia and Israel won each show». Wiwibloggs (på amerikansk engelsk). Henta 12. mai 2024.
  10. ↑ «Cyprus through to Eurovision final in Sweden». Cyprus Mail (på britisk engelsk). 8. mai 2024. Henta 12. mai 2024.
  11. ↑ «Grand Final of Malmö 2024 - Cyprus Grand Final Results Allocation». Eurovision Song Contest. European Broadcasting Union. Henta 11. mai 2024.