Siliguri

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Siliguri
bengali শিলিগুড়ি, nepali सिलगड़ी
by
Land  India
Stat Vest-Bengal
Distrikt Darjeeling og Jalpaiguri
Areal 48 km²
Folketal 509 709  (Folketeljinga 2011)
 - storby 701 489[1]
Tidssone IST (UTC+5:30)
Kart
Siliguri
26°43′N 88°25′E / 26.72°N 88.42°E / 26.72; 88.42
Wikimedia Commons: Siliguri

Siliguri er ein by i delstaten Vest-Bengal i India. Han ligg i Siligurikorridoren, ei tynn landstripe mellom Bangladesh og Nepal. Byen er eit større knutepunkt for fly, veg og jarnbanetrafikk. 500 000 innanriks- og 15 000 utenrikspassasjerer passerer kvart år gjenom Siliguri. Den indiske silkevegen (den tradisjonelle transportruta til og frå Kina) går gjenom Siliguri.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Siliguri ligg ved foten av Himalayafjella, og er omkransa av hill station-byar frå kolonitida. Mahanadaelva renn igjenom byen.

Sommartemperaturen i Siliguri går sjeldan over 35 grader, og byen er generelt kaldare enn resten av Vest-Bengal. Vintrane varierer frå 15 grader til så lite som 3 grader. Monsunsesongen varer frå juni til september. Klimaet rundt Siliguri er godt eigna for tedyrking.

Næringsliv og institusjonar[endre | endre wikiteksten]

Siliguri er den største byen i Darjeelingdistriktet, men ikkje administrasjonssenter, som er Darjeeling. Byen har fleire militæravdelingar: Bordar Security Force (BSF), Central Reserve Police Force (CRPF), Shashatra Seema Bal (SSB) og Assam Rifles. Den sivile lufthamna Bagdogra lufthamn ligg inne på baseområdet til det indiske luftforsvaret.

Darjeeling Himalayan Railway, ein smalspora jarnbane som står på UNESCO si verdsarvliste, har utgangspunkt i Siliguri.

University of North Bengal ligg i Siliguri.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]