Silistra

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Silistra
Силистра
by
Land  Bulgaria
Provins Silistra
Kommune Silistra kommune
Areal 27,159 km²
Folketal 33 570 (15. mars 2024)[1]
Kart
Silistra
44°06′33″N 27°15′55″E / 44.109238°N 27.265381°E / 44.109238; 27.265381
Wikimedia Commons: Silistra

Silistra (bulgarsk skrift Силистра) er ein hamneby langs Donau i det nordaustlege Bulgaria, med rundt 39 000 innbyggjarar. Donau i nord utgjer riksgrensa mot Romania, og Silistra er den siste bulgarske byen langs elva. Silistra er administrativt senter for provinsen Silistra, og ein av dei viktigaste byane i den historiske regionen Sør-Dobrudsja.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Antikken og mellomalderen[endre | endre wikiteksten]

Silistra blei grunnlagd av romarane i år 29 på ei tidlegare keltisk busetjing. Dei kalla staden Durostorum (eller Doroststorum), og gjorde han til eit viktig militærlager, hamn og vegknutepunkt. Etter dakarkrigane til keisar Trajan (keisar 98-117) var Legio XI Claudia stasjonert på staden for å sikra donaugrensa. Under keisar Gordian III (keisar 238-244) var Silistra utsett for hyppige angrep av gotarar, karparar og sarmatarar. Han blei eit viktig miliært senter i Moesia, og utvikla seg til by under Marcus Aurelius. Allereie under keisar Decius (keisar 249-251) blei byen angripen av gotarar og karparar som gjekk over Donau og rykka fram gjennom Moesia og Thráki. I samband med desse kampane fall Decius i 251 i slaget ved Abrittus. Også under keisar Aurelian (keisar 270-275) var det konfrontasjonar med karparane i silistraregionen. I 272 slo Aruelian gotarane som var leidde av kong Cannabaudes, men trekte seg likevel tilbake frå den romerske provinsen Dakia, nord for Donau. Silistra blei dermed ein grenseby att. I 388 blei byen bispesete. Den kjende vestromerske feltherren Flavius Aëtius blei fødd på 390-talet i dåverande Durostorum.

Etter delinga av det romerske riket høyrde Silistra til Austromarriket.

Då bulgararane ekspanderte på Balkan mot slutten av 600-talet blei byen som då heitte Drastar del av det fyrste bulgarske riket. Under Simeon I hadde byen strategisk tyding i forsvaret mot ungararane. I 969 blei byen som ein av dei fyrste bulgarske festningane angripen under erobringstokta til Svjatoslav I av Kiev. Då ekspansjonen til Svjatoslav truga den politiske balansen i regionen, greip Bysants ved keisar Johannes Tzimiskes(keisar 969-976) inn. I 971 var den austlege delen av det bulgarske riket erobra av bysantinarane, og Svjatoslav blei tvinga til å trekka seg tilbake. Etter gjenerobringa til bysantinarane i 971 blei byen kalla Theodoroupolis, sidan bysantinarane gav den heilage Theodoros æra for sigeren.

Etter 1186 blei Silistra del av det andre bulgarske riket. Dette bestod til 1396, då det blei erobra av Det osmanske riket. Silistra blei ein del av provinsen Rumelia og sete for sandsjaket Silistra, som seinare blei utvida til ein sjølvstendig provins.

Nyare tid[endre | endre wikiteksten]

Under Krimkrigen mellom 14. april til 23 juni 1854 blei byen omleira av russiske troppar. Russarane klarte likevel ikkje å innta byen, som blei forsvart av osmanske troppar under leiing av general Omar Pasja.

Som osmansk provins fekk Silistra redusert storleiken sin; distrikta Osjakov, Odessa og Bessarabia blei overførte til det russiske riket i overgangen mellom det 1700- og 1800-talet. Edirneprovinsen blei skipa i dei sørlege områda av regionen i 1830. I 1854 blei Silistra slått saman med byane Vidin og Niš, og innlemma i Donauprovinsen same året. I 1854 blei Silistra endeleg degradert til eit kaza-sentrum i provinsen Ruse.

Mellom 1819 og 1826 var Eliezer Papo, ein kjent jødisk intellektuell, rabbinar i Silistra. Papo gjorde byen kjend i det vidare jødiske samfunnet. Grava hans er framleis mål for pilegrimsreiser frå såvel Israel som Latin-Amerika.

I 1878, etter avslutninga av den russisk-tyrkiske krigen, blei Silistra inkludert i det autonome bulgarske fyrstedømet, seinare det bulgarske kongedømet.

I mai 1913, etter mislykka forhandlingar i London, aksepterte Bulgaria og Romania under ein konferanse i Sankt Petersburg at byen og ein 3 km² stor radius rundt han skulle tilhøyra Romania.

Etter den andre Balkankrigen (16. juli til 18. juli 1913) medførte Bukaresttraktaten (1913) at Silistra og heile det sørlege Dobrudsja gjekk til Romania.

Bulgaria fekk Dobrudsja tilbake etter den andre verdskrigen ved Bukaresttraktaten (1918), der Romania overgav seg til Sentralmaktene (under dette Bulgaria). Ved Traktaten frå Neuilly-sur-Seine (1919) som følgde den andre verdskrigen blei området returnert til Romania.

Silistra heldt fram som del av Romania til den freden i Kraiova i 1940, støtta av aksemaktene, då byen igjen blei del av Bulgaria. Denne avtalen blei stadfesta under Paristraktatane i 1947. Silistra var sentrum for det rumenske Durostor fylke mellom 1913 og 1938, bortsett frå perioden under bulgarsk styre frå 1916-1918. Mellom 1938 og 1940 var byen del av den rumenske provinsen Ţinutul Mării.

Det tidlegare vilayetet Silistra omfatta heile den noraustlege og austlege delen av dagens Bulgaria, det rumenske Dobrudsja og det ukrainske Budjak. Mellom 1913 og 1940 høyrde Silistra og dagens bulgarske Dobrudsja til Romania.

Folketalsutvikling i Silistra[endre | endre wikiteksten]

År Folketal
1888 11 414
1892 11 718
1900 12 133
1908 12 055
1924 13 756
1974 48 000
1985 53 500
2005 49 166

Silistra i kulturen[endre | endre wikiteksten]

Den tyrkiskfødde forfattaren Namık Kemal skreiv på 1850-talet skodespelet Vatan Yahut Silistre (‘Fedrelandet eller Silistra’). Verket, som blei uroppført 1. april 1873, gav til kjenne patriotiske og liberale idear som stod i strid mot dei osmanske interessene. Som følgje av stykket blei Kemal deportert til Famagusta på Kypros. Forfattarskapen hans danna inspirasjon for mellom anna Kemal Atatürk.

Attraksjonar[endre | endre wikiteksten]

Silistra er registrert som eitt av dei 100 fremste turistmåla i Bulgaria av den bulgarske turistunionen. I området finst ei rekkje spor frå romartida. Byen har eit av dei mest verdifulle veggmåleria i Europa frå 300-talet. Den osmanske festninga og det historiske museet utgjer også viktige turisattraksjonar.

Srebarna naturreservat[endre | endre wikiteksten]

Panorama over pelikanreservatet

Sørvest for byen, langs Donau, ligg Srebarna naturreservat. Naturreservatet blei oppført på UNESCO si liste over verdsarv i 1983.

Panorama over Silistra

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Silistra