Silje Bolset

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Silje Bolset
Statsborgarskap Noreg
Fødd 5. mars 1975
Idrett handball

Silje Elin Bolset (fødd 5. mars 1975) er ein norsk tidlegare handballspelar frå Stord som vann EM-sølv med Noregs landslag i 1996. I tida frå juli 1996 til mars 1997 deltok ho i 16 landskampar og skåra 17 mål.

Bolset spelte frå ung alder på Stord Idrettslag sitt handballag, lengste tida på nivå to i seriesystemet. Ho var venstre rykkromspelar og storskårar for Stord fram til 1996. Dei neste tre sesongane gjorde ho teneste i Byåsen IL, eit av absolutte topplaga i norsk handball den tida. Sommaren 1996 fekk ho plass i den norske troppa til Sommar-OL 1996 i Atlanta i USA, der Noreg enda på fjerdeplass. I desember same året deltok ho i Handball-EM 1996 i Danmark, ein meisterskap som enda med at arrangørlandet vann over Noreg i finalen. Bolset fekk ikkje plass i dei 12 mann store finalemannskapa, korkje i bronsefinalen mot Ungarn i Atlanta eller i EM-finalen i Herning. Frå 1999 til 2003 hadde Bolset ein sentral posisjon i Sola HK sitt toppserielag. Plaga av skadar la ho opp 28 år gammal.

Bolset bur i Sandnes kommune.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]