Silje Fjørtoft

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Silje Fjørtoft


Statsborgarskap Noreg
Fødd 23. juni 1987 (36 år)
Idrett friidrett

Silje Fjørtoft (fødd 23. juni 1987) er ein norsk friidrettsutøvar frå Ørsta. Ho vart noregsmeister i 3 000 meter hinder i 2007, 2008 og 2011. Under NM i friidrett 2015 sprang ho i mål til gullmedalje på 5 000 meter og 10 000 meter. Fjørtoft var medlem i Ørsta Idrottslag til 2007, sidan 2008 har ho representert Sportsklubben Vidar i Oslo.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Fjørtoft kom på andreplass i 3 000 meter hinder ved NM 2006, 39 sekund attom vinnaren, Karoline Grøvdal. 15. juni 2007 sette Fjørtoft personbeste med 9.57,9. Åtte veker seinare vann ho øvinga i noregsmeisterskapen, ein prestasjon ho gjentok året etter. I juni 2008 forbetra ho bestenoteringa si til 9.55,5 i Des Moines i USA.

Våren 2009 fekk Fjørtoft sluttida 15.55,2 på 5 000 meter i Walnut i California, livsbeste på distansen. I Bislett Games 3. juli 2009 overraska ho med tida 9.37,9, hennar suverent beste løp i 3 000 meter hinder. Under NM i friidrett 2009 deltok ho på 1500 meter og tok sølv, langt bak Ingvill Måkestad. To år seinare tok Fjørtoft sitt tredje NM-gull i hinder, over minuttet føre nummer 2.

Dei neste sesongen plagast ho med skade. Ho kom tilbake som langdistanseløpar i 2015, då ho vann 5 000-meter og 10 000 meter under noregsmeisterskapen. Milløpet den 2. august var hennar fyrste og innleia tre vekers rekordjakt. Perioden fram til 22. august presterte ho personbeste på 10 000 m, 3 000 m, 800 m og 1500 m. Rekordane lydde på 2.11,54 – 4.17,2 – 9.09,7 – 34.33,1. Rekordløpa fann stad ved NM i Haugesund, i Szczecin i Polen, Göteborg i Sverige og Solihull i England.

Plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • VM 2007 i Osaka: Utslått i kvalifiseringa i 3000 m hinder (10.32,3=nr 45)
  • VM 2009 i Berlin: Utslått i kvalifiseringa i 3000 m hinder (10.01,0=nr 40)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]