Silje Solberg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Silje Solberg


Statsborgarskap Noreg
Fødd 16. juni 1990 (33 år)
Bærum kommune
Idrett handball
Tok del i

2012–13 Women's EHF Cup Winners' Cup, Handball under Sommar-OL 2020 – Kvinner

Silje Solberg i 2016.

Silje Margaretha Solberg (fødd 16. juni 1990) er ein norsk handballspelar frå Bærum som sidan sommaren 2016 spelar på Issy Paris i Frankrike. Målvakta har vunne to EM-gull, eitt VM-gull og to EM-sølv med Noregs landslag i tida 2012–2017. Ved utgangen av 2018 har ho spelt 126 landskampar for Noreg. Kantspelaren Sanna Solberg er tvillingsystera hennar.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Silje Solberg spelte i yngre år handball med Jar IL og og Helset IF. I 2010 melde ho overgang til toppserielaget Stabæk IF. Saman med tvillingsystera spelte ho NM-finale 2011, ein kamp der Stabæk som forventa vart for svake mot meisterlaget Larvik HK. Sommaren 2014 flytta ho til Danmark og spelte i to år på topplaget Holstebro. Med Holstebro vann ho i 2015 EHF-pokalen og i 2016 Cupvinnarcupen. Sommaren 2016 gjekk ferda vidare til franske Issy Paris.

Sommaren 2010 vakta Solberg buret då Noreg gjekk heilt til topps i junior-VM. Ho meisterskapsdebuterte på toppnivå då Noreg nådde finalen under EM 2012 i Serbia, ein kamp der Noreg tapte mot Montenegro etter ekstraomgangar. To år seinare vart ho likevel europameister etter norsk finalesiger mot Spania, ein meisterskap der Solberg gjennom glitrande målvaktsspel vart vald til å vere med i den utvalde meisterrekka (All-Star-Team). Året etterpå vann ho og Noreg gull då VM 2015 fann stad i Danmark. Solberg kom ikkje med i OL-troppa til Rio de Janeiro i august 2016, dit Noreg sende målvaktene Kari Aalvik Grimsbø og Katrine Lunde. Til EM 2016 fire månader seinare var det Lunde som vart vraka frå troppa, og Solberg svarte på tilliten med mykje godt målvaktsspel då ho vart europameister for andre gong.

Merittar landslag[endre | endre wikiteksten]

Merittar klubblag[endre | endre wikiteksten]

  • Vinnar av EHF-pokalen 2015 med Holstebro
  • Vinnar av Cupvinnarcupen 2016 med Holstebro

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Silje Solberg