Silje Waade

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Silje Waade
Fødd 20. mars 1994
Stjørdal
Yrke handballspelar

Silje Katrine Waade (fødd 20. mars 1994) er ein norsk handballspelar frå Stjørdal som vart europameister i 2016. Ved utgangen av 2018 har ho bokført 27 landskampar og skåra 19 mål.

Venstrehendte Waade har vore høgre rykkrom-spelar på Byåsen IL sidan 2010. Ho deltok i Ungdoms-VM 2012, der Noreg tok bronse etter siger 36–30 over Romania i bronsefinalen. Sommaren 2014 skadde ho korsbandet, og var på sidelinja i 2014/15-sesongen.

Waade meisterskapsdebuterte og spelte alle kampane på det norske laget som vann Handball-EM 2016 i Sverige. Særleg fekk ho ros for innsatsen i forsvaret. Ho skåra to av måla i finalen mot Nederland.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • Handball-EM 2016: Gullmedalje etter 30-29 mot Nederland
  • Handball-EM 2018: Nr 5 etter 38-29 mot Sverige

Kjelder[endre | endre wikiteksten]