Silkeborg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Silkeborg
Utsikt over byen med Silkeborg kyrkje i midten.Foto: Ekkebeb
Utsikt over byen med Silkeborg kyrkje i midten.
Foto: Ekkebeb
Byvåpenet til Silkeborg
Byvåpenet til Silkeborg
Styresmakter
Land
Region
Kommune
Danmark
Region Midtjylland
Silkeborg kommune
Grunnlagd 1800-tallet
Borgarmeister Steen Vindum (V) (2014-2017)[1]
Geografi
Innbyggjarar
 - By (2013)

42 910[2]
Koordinatar 56°10′44″N 9°33′0″EKoordinatar: 56°10′44″N 9°33′0″E
Diverse anna
Heimeside: Kommunal heimeside

Silkeborg er ein by i Midt-Jylland i Danmark. Han har 42 910 innbuarar (2013) og er administrasjonsby (hovudby) i Silkeborg kommune i Region Midtjylland. Byen ligg blant skogkledde bakkar, og Danmarks lengste elv, den 176 km lange Gudenåen, renn tett ved sentrumsområdet.

Byen er kjend for dei to musea, Museum Jorn (som fram til 2010 hadde namnet Silkeborg Kunstmuseum) med Asger Jorn si samling av biletkunst, og Silkeborg Museum, som mellom anna har utstilt eit «moselig» frå 400–300-åra f.Kr., den sokalla «Tollundmanden», som er liket av ein rituelt avliva mann som vart funne i ei myr i nærleiken av Silkeborg.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Kommunalbestyrelsen frå Morsø Kommune (Vitja 12. februar 2014)
  2. Danmarks Statistik: FOLK1 2013K4 (Vitja 12. februar 2014)
Spire Denne geografiartikkelen som har med Danmark å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.