Silkebygg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Silkebygg
Silkebygg
Silkebygg
Status
Status i verda: LC Livskraftig
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Grasordenen Poales
Familie: Grasfamilien Poaceae
Underfamilie: Pooideae
Stamme: Triticeae
Slekt: Byggslekta Hordeum
Art: Silkebygg H. jubatum
Vitskapleg namn
Hordeum jubatum

Silkebygg (Hordeum jubatum) er eit eitårig 15-40 cm høgt aksgras som blømer i juni-august og veks opp til til Trøndelag i Noreg og Jämtland-Ångermanland i Sverige.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Silkebygg veks i tuver, men finst òg som enstaka smale strå. Blada er 2-5 mm breie. På undersida er dei lodne, og dei har ikkje bladøyre. Akset er 3-8 cm langt, innleiingsvis er det gulgrønt og seinare raudtona, vanlegvis med parallell bust. Etter ei kort stund byrjar busten å spreia seg, og akset får snart ein bustete utsjånad som ein liten flaskebørste. Ytteragna til blomane er er børsteaktige og dei til sideblomane er 3-8 cm lange, medan midtblomane er 2-6 cm lange.

Vekststad[endre | endre wikiteksten]

Silkebygg er rekna som ganske sjeldan i Skandinavia, og har den naturlege førekomsten sin i Nord-Amerika. Arten er blitt innført til Skandinavia dels som prydplante, men sannsynlegvis mest i lag med importvarer, noko som er avspegla av at det særleg er å finna på ruderatmark, avfallsplassar, ved jernbaner, vegkantar, hamner og på strender.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Mascher, Jan W.: Ångermanlands flora «Artförteckning», SBT-redaktionen, Lund 1990, s. 324. ISBN 91-971255-2-0. 
  • Lid, Johannes: Norsk og svensk Flora, Det Norske Samlaget, Oslo 1963, s. 140. 
  • Mossberg, Bo: Den nya nordiska Floran, Wahlström & Widstrand, Stockholm 2003, s. 857. ISBN 91-46-21319-8. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]