Silkepetrell

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Silkepetrell

Status i verda: LC Livskraftig

Silkepetrell utanfor Albany, Western Australia Foto: Wikimedia-brukar Danmantle
Silkepetrell utanfor Albany, Western Australia
Foto: Wikimedia-brukar Danmantle
Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Procellariiformes
Familie: Procellariidae
Slekt: Pterodroma
Art: P. mollis
Namn på andre språk
  • Engelsk: Soft-plumaged Petrel
  • Vitskapleg namn
    Pterodroma mollis
    Gould, 1844

    Silkepetrell (Pterodroma mollis) er ein sterkt pelagisk sjøfugl og ein medlem av slekta Pterodroma-petrellar. Han lever i Sør-Atlanteren og i Indiahavet, så langt aust som til farvatna rundt New Zealand. Han held seg mest mellom latitude 25 og 60 grader sør.[1] Hekkinga går føre seg på øyar i utbreiingsområdet, frå Tristan da Cunha og Gough Island i vest, austover til Antipodesøyane søraust for New Zealand. Dei mest nærskylde artane til silkepetrell er madeirapetrell og kappverdepetrell.

    Skildring[endre | endre wikiteksten]

    Oversida av silkepetrell i flukt
    Foto: Wikimedia-brukar Danmantle

    Dette er ein mellomstor petrell, rundt 34 cm i storleik, med 83–95 cm i vengespenn, og han veg ca. 300 gram.

    Undersida av denne fuglen er kvit frå strupe til hale med unntak av eit smalt grått band tvers over fremre bryst. Undersida av vengene er jamt grå. Oversida er skifergrå med eit breitt mørkt band over vengedekkarane. Panna er litt spraglete grå og kvit, elles er oversida av hovudet og ein flekk over og litt bak auget gråbrune. Han har kvitt augebryn, og kvit strupe og hals. Nebbet er kort traust og svart, føtene og beina er rosa.[1]

    Silkepetrellegg

    Denne arten er svært pelagisk, nærmar seg sjeldan land, bortsett frå å hekke og å bringe fram føde til ungen. Silkepetrellar et mest blekksprut, med tar òg noko krepsdyr og litt fisk. Det meste av føda tar dei når dei ligg på sjøen.[2]

    Silkepetrellen hekkar i hòler i bakken. Generelt legg dei egget i desember, men dei kan returnere til hekkeplassen i august og september for å gjere klar rugehòla. Rugetida er ca. 50 dagar og ungen treng vidare ca. 3 månader til han forlèt hekkeplassen.[1]

    Trekkmønstre er lite kjent, eit streifande individ blei funne i Varangerfjorden i juni 2009.[3]

    Populasjonen er sårbar av predasjon av introduserte pattedyr. Storleiken på den totale populasjonen er estimert til å vere stabil,[4] ved Antipodesøyane har han vore aukande.[1] Eit estimat for totalpopulasjonen er opptil 5 millionar individ.[2]

    Kjelder[endre | endre wikiteksten]

    • Barrie Heather og Hugh Robertson, The Field Guide to the Birds of New Zealand (revised edition), Penguin, 2005 ISBN 978-0-14-302040-0
    Referansar
    1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Heather og Robertson, 2005
    2. 2,0 2,1 Carboneras, C., Jutglar, F. & Kirwan, G.M. (2017). Soft-plumaged Petrel (Pterodroma mollis) I: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (eds.) (2016). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta den 28. januar 2017
    3. Søk på artsobservasjoner.no den 28. januar 2017
    4. BirdLife International (2017) Species factsheet: Pterodroma mollis. Henta frå http://www.birdlife.org den 27. januar 2017

    Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

    Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Silkepetrell