Sillen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Sillen
innsjø
Sillen.JPG
Sillen
Land Flag of Sweden.svg Sverige
Utløp Trosaån
Høgd over havet 10 moh.
Areal 11 km²
Middeldjupn 20 m

Sillen
58°59′10″ N 17°22′21″ E

Sillen er ein langstrakt innsjø som ligg ca. ei mil frå Trosa i Södermanland, på grensa mellom Södermanlands län og Stockholms län i Sverige. Innsjøen ligg i kommunane Gnesta, Trosa og Södertälje. Innsjøen vert drenert frå sør via Trosaåen, som byrjar her. Tettstaden Sund i Trosa kommun ligg ved breidda av innsjøen. Den nordlege delen av innsjøen strekkjer seg nesten til tettstaden Gnesta. Innsjøen ligg 10 meter over havet, og har ein djupne på 20 meter.

Det er avgrensa med busetnad rundt innsjøen, men det er spor av busetnad frå jernalderen og fram i tid.

Vatnet i Sillen er grumsete, men innsjøen har godt fiske, særskild på hausten, då det mellom anna vert fiska gjørs her.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 59°0′30″N 17°21′20″E