Simaisma

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Simaisma
سُمَيْسِمَة
by
Land  Qatar
Kommune Al Khor
Koordinatar 25°34′29″N 51°29′11″E / 25.57472°N 51.48639°E / 25.57472; 51.48639
Areal 2,14 km²
Kart
Simaisma
25°34′41″N 51°28′59″E / 25.578°N 51.483°E / 25.578; 51.483
Wikimedia Commons: Simaisma

Simaisma er ein liten kystby på austkysten av Qatar, 30 km nord for hovudstaden Doha.[1][2] Bygrensene vart dregne i 1988.[3] Denne byen er prega av gamle hus og moskéar frå tida før det vart funne olje og naturgass i Qatar.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Ruinar i Simaisma.

J.G. Lorimer skildra Simaisma i Gazetteer of Gulf of Persia i 1908:

«

Ein innmura landsby på austkysten av Qatar, inst i ei lita vik kring halvvegs mellom Lusail og Al Khor. Ein kilometer aust for landsbyen, heilt sør i vika, ligg landsbyen Al Daayen. Sumaismah er busett av kring 250 familiar i frå Al Bu Kuwarah-stamma [Kuwari], og nokre få er frå Kibisah-stamma [Qubaisi]. Her er 50 perlebåtar (bemanna av 600 mann), ti andre havgåande fartøy, og ti fiskebåtar. Buskapen består av seks hestar og 70 kamelar. Drikkevatnet kjem frå brunnane 'Awainat Bin-Husain, 6 km vestover: nær landsbyen ligg òg den vesle brunnen Khariqat Sumaismah, men vatnet her er bittert.[4]

»

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «2010 population census» (PDF). Qatar Statistics Authority. Henta 23. januar 2017. 
  2. «District map». The Centre for Geographic Information Systems of Qatar. Arkivert frå originalen 20. november 2022. Henta 16. mai 2015. 
  3. «Law No. 21 of 1988 On the Delimitation of the City of Sumaysima». almeezan.qa. Arkivert frå originalen 31. mars 2017. Henta 6. februar 2017. 
  4. {{cite web|url=http://www.qdl.qa/en/archive/81055/vdc_100023515720.0x0000a8%7Ctitle='Gazetteer of Gulf of Persia. Vol. II. Geographical and Statistical. J G Lorimer. 1908' [1844] (1967/2084)|publisher=Qatar Digital Library|accessdate=6. februar 2017, Denne artikkelen inneheld tekst frå denne kjelda, som er i offentleg eige.