Simen Christian Berg
Utsjånad
| Simen Christian Berg | |||
| Fødd | 13. desember 1807 Fredrikstad | ||
|---|---|---|---|
| Død | 29. oktober 1895 (87 år) | ||
| Statsborgar av | Noreg | ||
| Yrke | bonde, politikar | ||
| Alle verv |
| ||
Simen Christian Berg (13. desember 1807–29. oktober 1895) var ein norsk fløytingsinspektør og politikar frå Fredrikstad.
Berg var son til ein skipsførar. Sjølv var han frå 1831 til -39 tilsett i ei meklarforretning i Frankrike. Åra 1843-47 var han gardbrukar i Berg i Østfold, samstundes ordførar i heradet og forlikskommissær. Der etter var han fløytningsinspektør fram til 1860, og sidan kjøpar av tømmer til den same fløytningsforeininga. Denne tida budde han i Fredrikstad. Berg slutta jobben i 1873 og budde sidan på garden Rørek i Berg. Han var ugift.
Berg representerte Smaalenenes amt i 1848-stortinget. Han var medlem i Tollkomiten.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914