Simen Fougner

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Simen Fougner

Fødd7. oktober 1871
Follebu
Død28. april 1963 (91 år)
Statsborgar avNoreg
PartiFrisindede Venstre
Yrkejurist, politikar, bankier
FarKristian Gundersson Fougner
BarnGunnar Fougner
Alle verv

Simen Fougner (7. oktober 187128. april 1963) var ein norsk jurist, banksjef og politikar, fødd i Follebu og busett på Lillehammer. Stortingsrepresentant 1922-24 for Frisinna Venstre.

Fougner slo seg til på Lillehammer, der han var gift, og praktiserte som overrettssakførar frå slutten av 1890-åra. I tillegg engasjerte han seg i bankverksemd, var frå 1913 til 1939 administrerande direktør i Lillehammer Sparebank.

Fougner kom tidleg med i styringa av Lillehammer by. Såleis var han ordførar for Lillehammer 1900–01, 1911–12 og 1914–16. Sidan representerte han kjøpstadene i Hedmark og OpplandStortinget 1922-24, og var vararepresentant til Stortinget periode 1925-27. Han var vald inn for Frisinna Venstre, eit parti som hadde statsministeren i 1923/24.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]