Simmental

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Simmental.

Simmental er ein fjelldal i Berner Oberland i Sveits. Han strekkjer seg frå Lenk til Boltigen, meir eller mindre frå sør til nord (Obersimmental), og frå der til dalen endar ved Wimmis nær Spiez går han frå vest til aust (Niedersimmental). Han består av kommunane Lenk, St. Stephan, Zweisimmen, Boltigen, Oberwil, Därstetten, Erlenbach, Diemtigen og Wimmis. Elva Simme renn gjennom dalen.

Somme landsbyar er viktige vintersportstader i regionen Bern, som Lenk og Zweisimmen. Frå Zweisimmen kan ein òg gå til Gstaad og så til Château-d'Œx.

Lenger opp ligg Jaunpasset, som må kryssast for å gå frå Bulle til Freiburg, samt Hahnenmoos, som knyter Lenk til Adelboden.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 46°33′N 7°22′E