Simoa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Haugsfossen i elva i Simoa. Blaafarveværket ligg i dette området.

Simoa er ei eit parti av elva som renn i Eggedal-Sigdals-dalføret i kommunane Sigdal og Modum i Buskerud. Vassdraget har utspring nokre kilometer nord for Haglebuvatna. Her har elva namnet Haglebuelva, for lenger ned å skifte namn til Eggedøla. Simoa er namnet på elva nedstraums Solevatn. Elva renn så ut i innsjøen Soneren, og deretter ut i Drammenselva ved Åmot. Lengda på heile vassdraget er 88,77 kilometer, med eit nedslagsfelt på 887,37 km². Vassføringa ved utløpet i Drammenselva er 13,7 m³/s.

Det er kraftverk i Haugfossen, bygd i 1937, og i Kongsfoss, som ligg rett før Simoa renn ut i Drammenselva. Ved båe fossane har det vore tresliperi i tidlegare tider. Haugfoss Træsliberi vart sett i gang 1894, i den tidsbolken då drifta på Blaafarveværket tok slutt. Tresliperiet vart øydelagt ved ein brann i desember 1926, og deretter lagt ned. Kongssagene Brug attmed Kongsfoss vart skipa 1870, og lagt ned for godt i 1938.

Deler av Simoa vart verna mot kraftutbygging i Verneplan I for vassdrag i 1973. Sidevassdraget Nedalselv vart teke inn i verneplanen under Supplering av verneplan for vassdrag i 2005. Vernet gjeld vassdraget ned til innløpet i Soneren. Solevann naturreservat vart skipa i 1986.

Simoa har i gamal tid hatt namnet Sigm(á), som truleg har hatt meininga «elva som sig». Fyrste lekken kan vere «síga» (sige, gli). Siste ledd er «á», som tydar å, altså elv.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]