Simon Kapwepwe internasjonale lufthamn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Simon Mwansa Kapwepwe International Airport

Ndola internasjonale lufthamn (Simon Mwansa Kapwepwe International Airport) (IATA: NLAICAO: FLSK) er ein flyplass i Koparbeltet i det nordlege Zambia, i Ndola, nær grensa til Kongo. Den vart offisielt kalla Ndola Airport før den i 2011 fekk nytt namn etter Simon Kapwepwe, den tidlegare visepresidenten i landet.

Flyplassen ligg om lag 272 km nord for Lusaka internasjonale lufthamn, Zambias største lufthamn, og 1 270 moh.[1][2] Den har to parallelle betong-rullebaner, ein på 1 219 m. og den andre på 2 514 m. Plassen betener òg andre byar i Koparbeltet, både innanlandske og internasjonale med både passasjerar og frakt.

Ulukker og hendingar[endre | endre wikiteksten]

Ulukker[endre | endre wikiteksten]

Midnatt 17. -18. september 1961 havarerte Transair Swedens DC-6B i eit skogholt få mil nord for flyplassen Alle ombord, ei besetning på fem, alle frå Malmö, og elleve passasjerar omkom.[3] Ulukkeårsaka vart aldri fastlslått, og det er bltt spekulert i om flyet var vorte beskutt av opprørssoldatar i Kongo, eller om det vart plassert sprengstoff om bord medan flyet stod på bakken i Léopoldville.

  • Aviation Safety Networks database[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Nautical Distance Between Lusaka Airport And Ndola Airport With Map
  2. Elevation of Ndola Airport
  3. «Special Report on the Fatal Flight of the Secretary-General's Aircraft» (PDF). FN. 19. september 1961. Henta 11. desember 2015. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]