Simon Kildal
Utsjånad
| Simon Kildal | |||
| Fødd | 1. januar 1796 Steigen kommune | ||
|---|---|---|---|
| Død | 11. august 1837 (41 år) | ||
| Statsborgar av | Noreg | ||
| Religion | Den evangelisk-lutherske kyrkja | ||
| Yrke | politikar, luthersk prest | ||
| Far | simon Kildal | ||
| Alle verv |
| ||
Simon Nikolai Kildal (1. januar 1796–11. august 1837) var ein norsk prest og stortingsmann.
Kildal var fødd i Steigen, der far hans var prest. Sjølv vart han student frå Bergens skole i 1817 og cand. theol. i 1822. Sokneprest i Skjervøy i eitt år frå 1823. Deretter sokneprest i Trondenes frå 1824 til han døydde.
Han var 2. representant frå Finmarkens amt (både Finnmark og Troms) på Stortinget, både i 1827, på overordentleg storting 1828 og Stortinget 1830. I 1827 var han formann i redaksjonskomiteen og medlem av budsjettkomiteen. Også med i budsjettkomiteen i 1830, og formann i gasje- og pensjonskomiteen.
Kildal døydde i Trondenes i 1837.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
- Biografisk informasjon om Simon Kildal ved PolSys hos Sikt – Kunnskapssektorens tjenesteleverandør