Simon Leinum

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Simon Leinum
Simon Olsen Leinum (ca. 1930) (4149188745).jpg
Fødd11. april 1868
Død1. mai 1967
Statsborgar avNoreg
PartiVenstre
Yrkepolitikar, bonde

Simon Olsson Leinum (11. april 18681. mai 1967) var ein gardbrukar og politikar frå Leinstrand i Sør-Trøndelag. Han representerte partiet VenstreStortinget frå 1928 til 1936.

Leinum gjekk amtsskulen og seinare underoffisersskulen i Trondheim, tok avskjed frå Forsvaret som fanejunker i 1925. Frå 1896 dreiv han farsgarden Leinum på Leinstrand. Han var styreformann fleire private og offentlege tiltak; i Sør-Trøndelag Landbruksselskap 1919–32, i overstyret for landbruksskulane i Sør-Trøndelag 1913–41 og 1945–46, i Felleskjøpet i Trondheim frå 1924, og i Bøndernes Bank si avdeling i Trondheim frå 1925.

Leinum var medlem av Leinstrand heradsstyre frå 1899, ordførar 1902–22 og 1926–28. I periodane 1917–22 og 1926–28 fungerte han også som leiar av fylkestinget i Sør-Trøndelag. Han var formann i Sør-Trøndelag Venstrelag 1920–35.

Den 24. august 1929 rykte Leinum inn på fast plass i Stortinget frå Sør-Trøndelag, då den valde representanten Johan Stinessen hadde døydd. Sesjonane 1929 og -30 var han medlem av post- og telegrafkomiteen. Dei neste to stortingperiodane var han høvesvis medlem av lovkomitéen 1931-33 og protokollkomitéen 1934-36.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Stortingsbiografi