Simone Hauswald

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Simone Hauswald


Statsborgarskap Tyskland
Fødd 3. mai 1979 (44 år)
Rottweil
Idrett skiskyting
Tok del i

Skiskyting under Vinter-OL 2010 – Fellesstart kvinner, Skiskyting under Vinter-OL 2010 – Stafett kvinner

Simone Hye-Soon Denkinger, gift Hauswald, (fødd 3. mai 1979) er ein tysk tidlegare skiskyttar frå Rottweil i Baden-Württemberg. Ho vann VM-gull i mixstafetten i 2010 og VM-sølv i sprintøvinga året før. Elles sikra ho seg fem bronsemedaljar i stafettar, mixstafett og fellesstart i tida 2003-10; tre i ymse verdsmeisterskap og to i Vinter-OL 2010.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Denkinger vart nummer fire på 15 km då VM i skiskyting 2003 fann stad i Khanty-Mansijsk og gjekk fyrstetappen på det tyske laget som kom på bronseplass i 4 x 6 km stafett. Året etter fekk ho ein ny stafettbronse med Tyskland, og enda på fjerdeplassen i fellesstarten i VM 2004 i Oberhof.

Etter nokre magre sesongar kom nygifte Hauswald sterkt tilbake, og tok steget heilt opp i verdstoppen i 2009 og 2010. Frå desember 2008 til mars 2010 vann ho sju individuelle renn i verdscupen, og enda på andreplass i verdscupen i skiskyting i 2010. Ho vart nummer to etter landskvinna Kati Wilhelm på 7,5 km under VM i skiskyting 2009 i Pyeongchang og deltok på det tyske mannskapet som tok bronsemedaljen i mixstafetten. Under dei olympiske leikane i Vancouver i 2010 vann ho nye bronsemedaljar i kvinnestafetten og i fellesstarten. Høgdepunktet for Hauswald kom då Tysklands utvalde kvinner og menn 28. mars 2010 vart verdsmeistrar i mixstafett i Khanty-Mansijsk. Saman med Magdalena Neuner, Simon Schempp og Arnd Peiffer syrgde ho for ein suveren siger til det tyske mannskapet. Det vart hennar siste tevling, ho la deretter opp som skiskyttar.

Verdscupsigrar[endre | endre wikiteksten]

Dato Stad Land Øving
12. desember 2008 Hochfilzen  Austerrike Sprint
11. mars 2009 Vancouver-Whistler  Canada 15 km
29. mars 2009 Khanty-Mansijsk  Russland Fellesstart
8. januar 2010 Oberhof  Tyskland Sprint
18. mars 2010 Oslo  Noreg Sprint
20. mars 2010 Oslo  Noreg Jaktstart
21. mars 2010 Oslo  Noreg Fellesstart

Kjelder[endre | endre wikiteksten]