Simple Dreams

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Simple Dreams
Studioalbum av Linda Ronstadt
Språk engelsk
Utgjeve 6. september 1977
Innspelt 23. mai til 22. juli 1977
Studio The Sound Factory i Los Angeles
Sjanger rock, klassisk rock, countryrock
Lengd 31:49
Selskap Asylum
Produsent Peter Asher
Linda Ronstadt-kronologi 
Greatest Hits
(1976)
Simple Dreams Living in the USA
(1978)


Singlar frå Simple Dreams
  1. «Blue Bayou»
    Utgjeve: August 1977
  2. «It's So Easy»
    Utgjeve: September 1977
  3. «Poor Poor Pitiful Me»
    Utgjeve: Januar 1978
  4. «Tumbling Dice»
    Utgjeve: April 1978
  5. «I Never Will Marry»
    Utgjeve: April 1978

Simple Dreams er det åttande studioalbumet til den amerikanske songaren Linda Ronstadt, gjeve ut i 1977 på Asylum Records. Det inneheld fleire av dei mest kjende songane hennar, som versjonen hennar av Rolling Stones-songen «Tumbling Dice» (nytta i filmen FM) og versjonen hennar av Roy Orbison-songen «Blue Bayou», som ho vart Grammy-nominert til for årets singel. Albumet inneheld òg Buddy Holly-songen «It's So Easy!» (nådde topp 5) og Warren Zevon-songane «Poor Poor Pitiful Me» (ein topp 40-hit) og «Carmelita». Albumet var det bestseljande til då i karrieren hennar, og på den tida det nest mest selde albumet av ein kvinneleg artist etter Carole King-albumet Tapestry. Det var det første albumet hennar sidan Heart Like a Wheel utan den mangeårige samarbeidspartnaren Andrew Gold, sjølv om andre Laurel Canyon-baserte studiomusikarar som hadde spelt på dei tidlegare albuma hennar òg var med her, som gitaristane Dan Dugmore og Waddy Wachtel, bassisten Kenny Edwards, og produsenten og multi-instrumentalist Peter Asher.

Utgjeving[endre | endre wikiteksten]

Albumet kom opphavleg ut på Asylum september 1977. Seinare, i 1986, gav Asylum ut albumet på kassett og CD.

Simple Dreams låg fem veker på rad på toppen av Billboard-lista seint i 1977, og skyvde ned Fleetwood Mac-albumet Rumours etter at det hadde lagt rekordlange 29 veker på toppen av lista. Det erstatta òg Elvis Presley på toppen av Billboard Country Albums-lista etter at han hadde lagt femten veker på rad på toppen etter at han døydde i august. Simple Dreams var det femte albumet til Ronstadt på rad som selde minst ein million plater og på mindre enn eitt år selde det 3,5 millionar eksemplar i USA aleine, som var ny rekord for ein kvinneleg artist.

Albumet vart ein så stor suksess at Ronstadt vart den første kvinnelege artisten, og den første totalt etter The Beatles, som hadde to singlar på topp 5 samstundes: «Blue Bayou» (3. plassen på Pop-lista, 3. plassen på Adult Contemporary og 2. plassen på Country-lista) og «It's So Easy» (5. plassen på poplista). «It's So Easy» var den andre Buddy Holly-songen Ronstadt spelte inn, etter at ho hadde hatt ein hit med «That'll Be the Day» året før.

Albumet inneheld òg songar av Warren Zevon, Eric Kaz og J.D. Souther, i tillegg til The Rolling Stones sin «Tumbling Dice». Ronstadt fekk med seg Dolly Parton på den tradisjonelle balladen «I Never Will Marry», som vart ein topp 10-hit på countrylista sommaren 1978. På same tid arbeidde Rontadt, Parton og Emmylou Harris i lag på eit album som det ikkje vart noko av før ni år seinare.

Ronstadt spelte òg inn ein spanskspråkleg versjon av «Blue Bayou» kalla «Lago Azul», som berre kom ut på singel i 1978.[1] 40-årsjubileumsutgåva av albumet i 2017 kom med fire konsertopptak.

Opphavleg vart bilete på framsida av omslaget meint å syne Ronstadt i ein kort nattkjole føre fleire speglar. Men ho var ikkje komfortabel med dette og tok på seg ei kåpe, og biletet vart gjort kunstig kornete. John Kosh, som designa omslaget, vann Grammyprisen for beste plateomslag året etter.

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic4.5/5 stars[2]
Christgau's Record GuideB+[3]
Rolling Stone(average)[4]
The Rolling Stone Album Guide4/5 stars[5]
The Village VoiceB+[6]

I meldinga si i Christgau's Record Guide: Rock Albums of the Seventies (1981), skreiv Robert Christgau: «Då Andrew Gold drog av stad for å satse solo, kunne Ronstadt hyre inn eit rockeband. Ho er framleis for føreseieleg - berre tenk kor kort og veltalende 'Blue Bayou' kunne ha blitt om dei i staden for å skru opp volumet midtvegs berre traff ein høg note mot slutten. Men ho er òg ein popeklektikar for vår tid, like komfortabel med Mick Jagger som med Dolly Parton, og ho tolkar Roy Orbison like lett som Buddy Holly. Sjølv skildringa hennar av ein narkoman som søker hjelp frå Warren Zevon sin 'Carmelita er ikkje heilt latterleg. Og eg innrømmer det, ho ser flott ut i ein Dodger-jakke.»[3]

«Blue Bayou» vart nominert til Grammyprisen for årets singel i 1978, og ho vart nominert til årets beste kvinnelege popsongar.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«It's So Easy»Buddy Holly, Norman Petty2:27
2.«Carmelita»Warren Zevon3:07
3.«Simple Man, Simple Dream»J.D. Souther3:12
4.«Sorrow Lives Here»Eric Kaz2:57
5.«I Never Will Marry»Traditional3:12
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Blue Bayou»Roy Orbison, Joe Melson3:57
2.«Poor Poor Pitiful Me»Warren Zevon3:42
3.«Maybe I'm Right»Waddy Wachtel3:05
4.«Tumbling Dice»Mick Jagger, Keith Richards3:05
5.«Old Paint»Traditional3:05
Total lengd:31:49

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Produksjon[endre | endre wikiteksten]

  • Produsent – Peter Asher
  • Innspeling og miksa av Val Garay
  • Innspeling og mikseassistent – Mark Howlett
  • Mastering av Doug Sax i The Mastering Lab (Hollywood, CA).
  • Kunstnarisk leiar og design – Kosh
  • Fotografi – Jim Shea

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Vekeslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1977–78) Plassering
Australia (Kent Music Report)[7] 1
Den kanadiske albumlista[8] 1
Den nederlandske albumlista[9] 8
Den franske SNEP-lista[10] 15
Den japanske Oricon-lista[11] 38
Den newzealandske albumlista[12] 2
Den svenske albumlista[13] 46
UK Albums Chart[14] 15
U.S. Billboard Pop Albums[15] 1
U.S. Billboard Country Albums[15] 1

Årslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1977) Plassering
Den australske albumlista[16] 27
Den kanadiske albumlista[17] 18
Liste (1978) Plassering
Den australske albumlista[16] 4
Den kanadiske albumlista[18] 54
Den nederlandske albumlista[19] 63
Den franske albumlista[20] 31
U.S. Billboard 200[21] 8

Salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Region Salstrofé Salstal
Australia 50,000[22]
Canada (Music Canada)[23] 2× Platina 200 000^
Hong Kong (IFPI Hong Kong)[24] Platina 20 000*
New Zealand (RMNZ)[25] Platina 15 000^
USA (RIAA)[26] 3× Platina 3 000 000^

*salstala er basert på sertifiseringa aleine
^salstala er basert på sertifiseringa aleine
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. https://www.discogs.com/Linda-Ronstadt-Lago-Azul-Blue-Bayou/release/13947059
  2. Erlewine, Stephen Thomas. Simple DreamsAllmusic
  3. 3,0 3,1 Christgau, Robert (1981). «Consumer Guide '70s: R». Christgau's Record Guide: Rock Albums of the Seventies. Ticknor & Fields. ISBN 089919026X. Henta 29. november 2020 – via robertchristgau.com. 
  4. Rolling Stone review, arkivert frå originalen 10. september 2017, henta 5. desember 2020 
  5. Brackett, Nathan; Christian Hoard (2004). The Rolling Stone Album Guide. New York: Simon and Schuster. s. 701. ISBN 0-7432-0169-8. 
  6. Christgau, Robert (31. oktober 1977). «Christgau's Consumer Guide». Village Voice (New York). Henta 29. april 2013. 
  7. Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992 (illustrated utg.). St Ives, N.S.W.: Australian Chart Book. s. 258. ISBN 0-646-11917-6. 
  8. «Top Albums/CDs - Volume 28, No. 11». RPM. 10. desember 1977. Arkivert frå originalen (PHP) 2. mai 2014. Henta 5. desember 2020. 
  9. «dutchcharts.nl Linda Ronstadt – Simple Dreams» (ASP). Hung Medien. MegaCharts. Henta 4. april 2012. 
  10. «InfoDisc : Tous les Albums classés par Artiste > Choisir Un Artiste Dans la Liste» (på fransk). infodisc.fr. Arkivert frå originalen 26. januar 2016. Henta 4. april 2012. Note: user must select 'Linda RONSTADT' from drop-down
  11. Oricon Album Chart Book: Complete Edition 1970-2005. Roppongi, Tokyo: Oricon Entertainment. 2006. ISBN 4-87131-077-9. 
  12. «charts.nz Linda Ronstadt – Simple Dreams» (ASP). Hung Medien. Recording Industry Association of New Zealand. Henta 4. april 2012. 
  13. «swedishcharts.com Linda Ronstadt – Simple Dreams» (ASP) (på svensk). Henta 4. april 2012. 
  14. «Linda Ronstadt : Artist: Official Charts». UK Albums Chart. Henta 1. april 2014. 
  15. 15,0 15,1 «Allmusic:Simple Dreams : Charts & Awards: Billboard Albums». allmusic.com. Henta 5. desember 2020. 
  16. 16,0 16,1 Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970-1992. St Ives, N.S.W.: Australian Chart Book. ISBN 0-646-11917-6. 
  17. «RPM Top 100 Albums of 1977». RPM. 31. desember 1977. Arkivert frå originalen 5. april 2014. Henta 5. desember 2020. 
  18. «RPM Top 100 Albums of 1978». RPM. Arkivert frå originalen 19. juni 2013. Henta 8. september 2013. 
  19. «Dutch charts jaaroverzichten 1978» (på nederlandsk). Arkivert frå originalen (ASP) 12. mai 2014. Henta 5. desember 2020. 
  20. «Les Albums (CD) de 1978 par InfoDisc» (på fransk). infodisc.fr. Arkivert frå originalen (PHP) 11. juli 2013. Henta 29. januar 2012. 
  21. «Top Pop Albums of 1978». billboard.biz. Arkivert frå originalen 31. desember 2012. Henta 5. desember 2020. 
  22. «WEA On Top Down Under». Billboard: 80. 17. desember 1977. Henta 3. mai 2020 – via Google Books. 
  23. «Canadian album salstrofé – Linda Ronstadt – Simple Dreams». Music Canada. 
  24. «IFPIHK Gold Disc Award − 1979». IFPI Hong Kong. Henta 16. november 2019. 
  25. «New Zealand album salstrofé – Linda Ronstadt – Simple Dreams». Recording Industry Association of New Zealand. Henta 16. november 2019. 
  26. «American album salstrofé – Linda Ronstadt – Simple Dreams». Recording Industry Association of America.  If necessary, click Advanced, then click Format, then select Album, then click SEARCH