Simple Man av Lynyrd Skynyrd

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Simple Man
Song av Lynyrd Skynyrd
frå albumet (Pronounced 'Lĕh-'nérd 'Skin-'nérd)
Utgjeve 1973
Innspelt 30. april 1973
Sjanger
Lengd 5:57
Selskap Sounds of the South
Låtskrivar(ar) Ronnie Van Zant
Gary Rossington
Produsent Al Kooper

«Simple Man» er ein song av Lynyrd Skynyrd frå debutalbumet deira, (Pronounced 'Lĕh-'nérd 'Skin-'nérd), frå 1973.

Songen er ein av dei mest populære songane til Lynyrd Skynyrd. Sidan songen vart tilgjengeleg for digital nedlasting, har han blitt den tredje mest selde digitale songen til bandet etter «Sweet Home Alabama» og «Free Bird». Han har seld kring 1,3 millionar eksemplar i USA innan november 2013.[1]

Bruk i popkulturen[endre | endre wikiteksten]

Introen av songen vart nytta i episoden «Cold Stones» av TV-serien The Sopranos. Den første halvdelen av songen er nytta i filmen Almost Famous i 2000. Songen var tilgjengeleg for nedlasting til videospelet Rock Band i 2008.[2]

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Songen vart spelt av det alterative metalbandet Deftones frå albumet B-Sides & Rarities (2005) og Covers (2011). Songen vart òg spelt inn av rockebandet Shinedown på luksusutgåva av albumet Leave a Whisper. Confederate Railroad spelte inn songen på hyllestalbumet Skynyrd Frynds.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Grein, Paul (27. november 2013). «Chart Watch: Eminem Returns to #1, Gaga Sinks to #8». Yahoo Music. Henta 14. september 2018. 
  2. Gaddo, Kyle (25. februar 2011). «Eleven Legacy Rock Band Tracks Getting PRO Upgrades On March 1st». The Gaming Vault. Arkivert frå originalen 25. mai 2013. Henta 8. november 2012. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]