Simple Twist of Fate

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Simple Twist of Fate
Song av Bob Dylan
frå albumet Blood on the Tracks
Utgjeve Januar 1975
Innspelt 19. september 1974
Sjanger Folkrock
Lengd 4:18
Selskap Columbia
Komponist Bob Dylan
Tekstforfattar Bob Dylan
Låtskrivar(ar) Bob Dylan
Produsent Bob Dylan

«Simple Twist of Fate» er ein song av Bob Dylan, spelt inn 19. september 1974 og gjeven ut på det 15. studioalbumet hans, Blood on the Tracks, i 1975.

Den komplette innspelinga av «Simple Twist of Fate» vart gjeve ut på luksusutgåva av The Bootleg Series Vol. 14: More Blood, More Tracks i 2018, der det første opptaket av songen, frå 16. september 1974, òg vart inkludert på enkel-CD-utgåva og den doble vinylutgåva av albumet.[1]

Eit konsertopptak frå 28. februar 1978 kom ut på At Budokan.

«Simple Twist of Fate» vart først spelt inn av Joan BaezDiamonds & Rust (1975), og har sidan blitt tolka av mange andre artistar som Jerry Garcia Band, Concrete Blonde, Sean Costello, The Format, Bryan Ferry, Jeff Tweedy, Stephen Fretwell og Sarah Jarosz. Diana Krall spelte songen i 2012 på hyllestalbumet til Dylan, Chimes of Freedom: Songs of Bob Dylan Honoring 50 Years of Amnesty International.

Ein nynorsk versjon vart skriven og framført av Tom Roger Aadland som «Lagnaden sin vri» på albumet Blod på spora i 2009.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]