Hopp til innhald

Sinéad O'Connor

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sinéad O'Connor

Fødd8. desember 1966
FødestadGlenageary, Dublin
Død26. juli 2023 (56 år)
DødsstadLondon
FødenamnSinéad Marie Bernadette O'Connor
OpphavIrland
Aktiv1986–2023
Sjangeralternativ rock, poprock, reggae, folkrock, collegerock, keltisk rock, indiepop
Instrumentgitar, vokal, Blikkfløyte, Perkusjon, piano
Stemmetypemezzosopran
PlateselskapChrysalis, Ensign Records, Vanguard Records, One Little Indian, Nettwerk
Verka somsongar-låtskrivar, gitarist, prest, skodespelar, komponist, musikar, rockesanger, songar
FarJohn O’Connor
Gift medJohn Reynolds, Nick Sommerlad, Steve Cooney, Barry Herridge
Sambuar medPeter Gabriel, Richard Heslop, John Waters, Dónal Lunny, Frank Bonadio
BornJake Reynolds, Roisin Waters, Shane O'Connor Lunny, Yeshua Bonadio
PrisarRockbjörnen, Billboard Music Awards, Billboard Music Awards, MTV Video Music Award for Video of the Year, MTV Video Music Award for Best Post-Modern Video, Grammy Award for Best Alternative Music Performance, BRIT Award for International Female Solo Artist, Goldene Europa, World Soundtrack Award for Best Original Song Written Directly for a Film, Choice Music Prize

Sinéad Marie Bernadette O’Connor (8. desember 196626. juli 2023) var ein irsk songar og låtskrivar.

Sinéad O’Connor var kalla opp etter Sinéad de Valera, kona til den irske presidenten Éamon de Valera. I 2017 blei det meldt at ho hadde skifta namn til Magda Davitt.[1] I oktober 2018 ble det kjent at ho igjen hadde skifta namn, denne gongen til Shuhada’ Davitt, og at ho hadde konvertert til islam.[2] Ho skifta deretter namn på nytt, til Shuhada' Sadaqat.[3]

Liv og virke[endre | endre wikiteksten]

Familiebakgrunn og oppvekst[endre | endre wikiteksten]

Sinéad Marie Bernadette O’Connor blei fødd 8. desember 1966 i Dublin, i den velståande forstaden Glenageary.[4] Ho hadde fire sysken: Joseph,[4] Eimear,[5] John og Eoin.[6] Broren Joseph er kjend som forfattar.[7]

O’Connor hadde ein vanskelig barndom. Foreldra gifta seg unge og hadde eit turbulent forhold, og dei flytta frå kvarandre då Sinead var åtte år. Dei tre eldste budde hos mora, og Sinéad har uttalt at dei blei behandla dårleg. Songen «Fire on Babylon» handlar om korleis ho sjølv blei påverka av barnemishandlinga. Ho engasjerte seg i og snakka på vegne av barnemishandla.[8]

I 1979 flytta O’Connor til faren og hans nye kone. Ho blei tatt for butikktjuveri og hamna på reformskule då ho var 15, The Grianán Training Centre, driven av The Sisters of Our Lady of Charity. Ho har uttalt at ho også fekk ei vanskeleg tid her. Ei av dei som jobba på Grianan, var systera til Paul Byrne, trommeslagaren i bandet In Tua Nua. Han høyrde O’Connor syngje «Evergreen» av Barbra Streisand i bryllaupet til systera og inviterte ho til å møte bandet. Ho spelte inn songen «Take My Hand» med bandet, men dei syntest ho, som femtenåring, var for ung til å bli med i bandet.[8]

I 1983 sende faren O’Connor til Newtown School, ein eksklusiv skule i Waterford. Her var det ikkje så strengt som på Grianan. Engelsklæraren hennar, Joseph Falvey, hjelpte ho med å spele inn ein demo­tape med fire songar; to cover­låtar og to eigne songar som seinare hamna på hennar fyrste album.[9]

Sommaren 1984 traff O’Connor Columb Farrelly. Dei starta bandet Ton Ton Macoute, oppkalla etter zombiar i haitisk folklore. Same haust flytta bandet til Waterford. Det tok ikkje lang tid før O'Connor slutta på skulen og flytta til Dublin, der bandet fekk mykje positiv omtale. Musikken var inspirert av interessa til Farrelly for det okkulte og det mystiske. Mange meinte at det var O'Connor som var drivkrafta i bandet.[treng kjelde]

O’Connor døydde i London 26. juli 2023 av naturlege årsaker.[10][11][12] i London[13]

Musikalsk virke[endre | endre wikiteksten]

O’Connor gav ut ti studioalbum mellom 1987 og 2014. For debutalbumet The Lion and the Cobra fekk O’Connor ein Grammy for Best Female Rock Vocal Performance. Hennar største gjennombrot kom i 1990 med singelen «Nothing Compares 2 U», som blei skriven av Prince. Singelen er frå albumet I Do Not Want What I Haven't Got som blei hennar største suksess med rundt sju millionar selde album på verdsbasis. Ho vann ein Grammy for «Best Alternative Music Performance». Ho gav ut eit album med irske songar i 2002, Sean-Nós Nua. Albumet er produsert av Dónal Lunny som ho var saman med på det tidspunktet og fekk ein son med. I 2005 kom albumet Throw Down Your Arms som blei produsert av Sly and Robbie og inneheldt coverlåtar av religiøse rastafari-reggaelåtar frå 1970-talet.[14]

Aktivisme[endre | endre wikiteksten]

I 1992 reiv O’Connor i stykker eit bilete av pave Johannes Paul II på direktesendt USA-amerikansk TV.[15] Dette medførte bannlysing frå radiostasjonar, folk som øydela utgjevingane hennar og negative reaksjonar frå publikum på konsertane hennar. I løpet av åra var ho medlem av ei rekkje religiøse sekter, og ho blei på slutten av 1990-talet ordinert til prest i ei uavhengig katolsk gruppe. Seinare blei ho kobla til Rastafari-trua og til ulike kristne trussamfunn. Ho uttalte på eit tidspunkt at ho var lesbisk, men modererte seinare utsegna til at ho var bifil. Ho prøvde å ta sitt eige liv i 1999 på grunn av psykiske problem.[16]

I 2017 bytta O’Connor namn til Magda Davitt. Ho konverterte til islam i 2018 og skifta navn til Shuhada' Sadaqat.[3] I same periode fortsette ho med å gje ut musikk under sitt opphavlege namn.[8]

O’Connor blei sommeran 1997 utsett for drapstrugslar av jødiske høgreekstremistar. Bakgrunnen for trugslane var ein konsert ho skulle halde i Jerusalem til støtte for palestinarane. Det var den venstreorienterte kvinnegruppa «Jerusalem Link» som skulle arrangere konserten til O’Connor. Gruppa hadde både jødiske og palestinske medlemmar og kjempa for at Jerusalem skulle bli hovudstad for både jødar og palestinarar.[17] Trugslane førte til at O'Connor avlyste konserten i Jerusalem.[18]

Familie[endre | endre wikiteksten]

O'Connor hadde fire barn og var gift fire gongar.[19]

I 1987 fekk ho sitt fyrste barn, songen Jake. Faren til Jake var musikkprodusenten John Reynolds, den fyrste ektemannen til var O'Connor.[20] Reynolds var med på å produsere fleire av albuma hennar, inkludert Universal Mother. Reynolds og O’Connor gifta seg i 1989. De skilde seg seinare som venar, og fortsette å jobbe saman.[21]

I 1991 tok O'Connor abort etter at ting ikkje fungerte med faren. Ho skreiv seinare songen «My Special Child» om dette.[22]

Rett etter fødselen av dottera Roisin i 1995,[23] byrja O’Connor og faren til Roisin, den irske journalisten John Waters, ein lang kamp om jenta som enda med at O'Connor gjekk med på å la Roisin bu i Dublin med Waters.[24]

O’Connor deita i ein periode frontfiguren i Red Hot Chili Peppers, Anthony Kiedis. Han skreiv songen «I Could Have Lied» etter brotet med O’Connor.[25]

I midten av 2001 gifta O’Connor seg med den britiske journalisten Nick Sommerlad; ekteskapet tok slutt i 2004.[20] Ho fekk sitt tredje barn, sonen Shane, i 2004 med musikaren Donal Lunny.[20][23] I 2006 fekk ho sitt fjerde barn, Yeshua Francis Neil Bonadio, med Frank Bonadio.[8]

O’Connor sitt fjerde ekteskap var med den irske terapeuten Barry Herridge. Dei gifta seg 9. desember 2011 i Las Vegas, men ekteskapet tok slutt etter at dei hadde «budd saman i berre sju dagar».[26] Veka etter, 3. januar 2012, publiserte O'Connor ei rekkje kommentarar på internett om at paret hadde blitt saman igjen.[27]

I mars 2015 kunngjorde O’Connor at ho skulle bli bestemor for fyrste gong. Foreldra til barnet var eldstesonen Jake Reynolds og kjærasten hans Lia.[28]

I januar 2022 mista O’Connor sonen Shane til sjølvmord. Han blei 17 år gammal.[29]

Ettermæle[endre | endre wikiteksten]

President Michael D. Higgins uttalte at O’Connor hadde ei unik og ekstraordinært vakker stemme og var «one of our greatest and most gifted composers, songwriters and performers of recent decades». Utanriksminister Micheál Martin uttalte at O'Connor er eit ikon og djupt elska av irane.[30][31]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Sinead O'Connor announces she is legally changing her name». Metro (på engelsk). 9. september 2017. Henta 25. mars 2018. 
  2. Beaumont-Thomas, Ben (26. oktober 2018). «SinéadO'Connor converts to Islam, taking new name Shuhada' Davitt». the Guardian (på engelsk). Henta 26. oktober 2018. 
  3. 3,0 3,1 «SinéadO'Connor converts to Islam». BBC News. 26. oktober 2018. Arkivert frå originalen 1. juni 2021. Henta 26. oktober 2018. 
  4. 4,0 4,1 «Sinéad O'Connor obituary: A talent beyond compare». BBCNews (på engelsk). 26. juli 2023. Henta 10. januar 2024. 
  5. Connor, Sinéad O’ (29. mai 2021). «‘I don’t know how I’ll ever not be angry’ – an exclusive extract from Sinéad O’Connor’s memoir». TheGuardian (på engelsk). ISSN 0261-3077. Henta 10. januar 2024. 
  6. Mallon, Sandra (26. juli 2023). «SineadO'Connor behind the music - childhood trauma and mental health struggles». Irish Mirror (på engelsk). Henta 10. januar 2024. 
  7. «Blackbirdin Dún Laoghaire – the poem Joseph O’Connor recited at his sister Sinéad O’Connor’s funeral». Independent.ie (på engelsk). 11. august 2023. Henta 10. januar 2024. 
  8. 8,0 8,1 8,2 8,3 «Sinéad O'Connor obituary: A talent beyond compare». BBCNews (på engelsk). 26. juli 2023. Henta 26. juli 2023. 
  9. «SinéadO'Connor - Joe Falvey». RTE Radio (på engelsk). 27. juli 2023. Henta 30. juli 2023. 
  10. «Sinéad O'Connor: Irish singer dies aged 56». BBCNews (på engelsk). 26. juli 2023. Henta 10. januar 2024. 
  11. Beaumont-Thomas, Ben (9. januar 2024). «Cause of Sinéad O’Connor’s death ruled as natural causes». TheGuardian (på engelsk). ISSN 0261-3077. Henta 10. januar 2024. 
  12. Sarah Burns (26. juli 2023). «Sinéad O’Connor, acclaimed Dublin singer, dies aged 56». The Irish Times (på engelsk). Arkivert frå originalen 26. juli 2023. Henta 26. juli 2023. 
  13. «Sinead O’Connor’s Death Is Not Suspicious, Police Say» (på engelsk). 27. juli 2023. Henta 27. juli 2023. 
  14. Jess Harvell (22. november 2005). «SinéadO’Connor: Throw Down Your Arms». Pitchfork (på engelsk). Pitchfork. Henta 30. juli 2023. 
  15. Asbjørn Bakke (26. juli 2023). «Minneord: Kjempet hele karrieren mot egne demoner og sang åpent om det». www.aftenposten.no (på norsk bokmål). Henta 26. juli 2023. 
  16. Cole Moreton (2. oktober 2005). «SinéadO'Connor: Talks exclusively about suicide and redemption». The Independent. Henta 31. juli 2023. 
  17. Moslet, Håkon (15. juni 1997). «Jødervil drepe Sinead». dagbladet.no (på norsk). Henta 26. juli 2023. 
  18. «SineadO'Connor Cancels Jerusalem Gig After Death Threat». MTV (på engelsk). 17. juni 1997. Henta 26. juli 2023. 
  19. «Whatto know about the late Sinéad O’Connor & her fourth husband Barry Herridge». The US Sun (på engelsk). 26. juli 2023. Henta 26. juli 2023. 
  20. 20,0 20,1 20,2 «SineadO'Connor». Biography.com (på engelsk). Henta 3. november 2021. 
  21. Skyler Caruso (26. juli 2023). «Sinéad O'Connor's Marriages». People. Henta 31. juli 2023. 
  22. «SinéadO'Connor: SPIN's 1991 Cover Story, 'Special Child'». SPIN (på engelsk). 18. september 2015. Henta 3. november 2021. 
  23. 23,0 23,1 Retter, Emily (17. mai 2016). «SineadO'Connor says she has 'lost it all' after suicide alert». mirror (på engelsk). Henta 3. november 2021. 
  24. Dwomoh Darlingberg (27. juli 2023). «RoisinWaters Biography Facts». The Distin. Henta 31. juli 2023. 
  25. «ICould Have Lied by Red Hot Chili Peppers». Songfacts. Henta 31. juli 2023. 
  26. «SinéadO'Connor». web.archive.org. 29. desember 2011. Arkivert frå originalen 7. november 2006. Henta 3. november 2021. 
  27. «Nothingcompares to you after all: Sinead O’Connor reunites with 4th husband of 16 days». independent (på engelsk). Henta 3. november 2021. 
  28. «SinéadO Connor: I’m going to be a grandmother». web.archive.org. 8. mars 2015. Arkivert frå originalen 8. mars 2015. Henta 3. november 2021. 
  29. Kitty Holland (10. januar 2022). «Deathof Sinéad O’Connor’s son referred to NRP for investigation». The Irish Times. 
  30. «A‘unique voice’: President Higgins leads tributes to Sinéad O’Connor». The Irish Times (på engelsk). Henta 7. august 2023. 
  31. «President Higgins pays tribute to 'unique talent'» (på engelsk). 26. juli 2023. Henta 7. august 2023.