Sin After Sin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sin After Sin
Studioalbum av Judas Priest
Språk engelsk
Utgjeve 8. april 1977
Innspelt Januar 1977, Ramport Studios, Battersea
Sjanger Heavy metal
Lengd 40:07
Selskap CBS, Inc. (UK)
Columbia Records (US)
Produsent Roger Glover, Judas Priest
Judas Priest-kronologi 
Sad Wings of Destiny
(1976)
Sin After Sin Stained Class
(1978)


Sin After Sin er det tredje studioalbumet til den engelske heavy metal-gruppa Judas Priest. Det kom ut i 1977 og i 2001 vart det nymastra og gjeve ut på nytt med to bonusspor.

Albumet representerer fleire store milepålar for gruppa. Det var den første utgjevinga deira på eit stort selskap og fekk arbeide med kjende artistar som plateprodusenten deira, det tidlegare Deep Purple-medlemmet Roger Glover. Bandet spelte òg ein meir aggressiv metal-stil på dette albumet, og tona kraftig ned påverknaden frå arenarock og bluesrock. Det var første gongen bandet vart mykje spelt på radio, merkeleg nok med ein hardrockversjon av Joan Baez-songen «Diamonds & Rust».

Produksjon[endre | endre wikiteksten]

Øvingane til innspelinga fann stad i Pinewood Studios i London og innspelinga skjedde i januar 1977 i studioet til The Who, Rampart Studios i Battersea. Deep Purple-bassisten Roger Glover produserte albumet og Mark Dodson var lydteknikar.[1]

Judas Priest byrja innspelinga på eiga hand, men selskapet ønskte ein profesjonell produsent og innspelinga måtta startast om att. Bandet gjekk med på å nytte Deep Purple-bassisten Roger Glover,[2] men etter ei innspeling med bandet sa dei til Glover at dei helst ville produsere albumet sjølv.[3] Etter eit par veker med innspelingar dei ikkje var nøgde med vart Glover henta inn att, med berre seks dagar igjen av studiotida. På dette tidspunktet hadde bandet erstatta trommeslagaren Alan Moore med Simon Phillips.[4]

Albumet inneheld ein versjon av Joan Baez-songen «Diamonds & Rust», ei avgjersle som produsenten Roger Glover støtta for å få eit meir kommersielt spor. Det var den første songen Judas Priest fekk spelt på radio, og Baez var visstnok nøgd med versjonen. Dette var andre gongen bandet spelte inn denne songen, etter å ha spelt inn ein tidlegare versjon av songen for Gold Records. Denne første utgåva vart berre gjevne ut på seinare samleplater og som eit bonusspor på ei seinare utgåve av Rocka Rolla.

Utgjeving[endre | endre wikiteksten]

Phillips hadde lovnadar til eit anna band, og avslo om å bli permanent medlem i Judas Priest. For albumet henta bandet derfor inn Fancy-trommeslagaren Les Binks, ein kar som Roger Glover kjende, sidan Binks kunne spele doble basstrommer, og var ein av få trommeslagarar som kunne etterlikne stilen til Phillips live.

Judas Priest la ut på den første turneen sin i USA for dette albumet, der dei varma opp for REO Speedwagon og Foreigner.[5] Judas Priest varma òg opp for Led Zeppelin på to konsertar i Oakland, Day on the Green-festivalen og opna Superjam i 1977, der hovudattraksjonen var REO Speedwagon og Ted Nugent, på Busch Memorial Stadium i St. Louis føre eit publikum på 45 000.

Den progressive rockestilen frå dei to førre albuma var tona ned på dette albumet, men det er framleis spor av det på dette albumet, som på «Sinner» og «Let Us Prey/Call for the Priest», dei komplekse tekstane og dei gotiske balladane «Last Rose of Summer» og «Here Come the Tears».

Av dei åtte spora på Sin After Sin, vart berre «Sinner» ein song som vart spelt på mange konsertar sidan. Albumet nådde 23. plassen på den britiske albumlista.[6] Det er òg det tidlegare av elleve Judas Priest-album å rad som selde til gullplate eller meir i USA.[7]

Mottaking og ettermæle[endre | endre wikiteksten]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic4/5 stars[8]

Sin After Sin introduserte kombinasjonen av doble basstrommer og ein bassrytme med kjappe sekstandedelsnotar, kombinert med kjappe gitarrytmar i sekstandedelsnotar, noko som kom til å definere heavy metal, og særleg thrash metal.[9] Andrew Cope reknar Sin After Sin som eit nøkkelalbum i utviklinga av heavy metal-teknikkar, særleg for bruken av doble basstrommer.[10]

Plateomslag[endre | endre wikiteksten]

Sin After Sin var det siste Priest-albumet som hadde den originale logoen deira i gotisk kursiv-font, men han vart nytta på seinare utgjevingar på Gold Records med songar som var spelt inn tidlegare.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Sinner»Rob Halford, Glenn Tipton6:45
2.«Diamonds & Rust»Joan Baez3:28
3.«Starbreaker»Halford, K.K. Downing, Tipton4:49
4.«Last Rose of Summer»Halford, Tipton5:37
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
5.«Let Us Prey/Call For The Priest»Halford, Downing, Tipton6:12
6.«Raw Deal»Halford, Tipton6:00
7.«Here Come the Tears»Halford, Tipton4:36
8.«Dissident Aggressor»Halford, Downing, Tipton3:07
Bonusspor frå 2001-utgåva
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
9.«Race with the Devil» (The Gun-song spelt inn under Stained Class-innspelinga)Adrian Gurvitz3:06
10.«Jawbreaker» (Live i Long Beach Arena i Long Beach i California; 5. mai 1984)Halford, Downing, Tipton4:02

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Judas Priest

Produksjon

Sal og salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Region Salstrofé Salstal
USA (RIAA)[11] Gull 500 000^

^salstala er basert på sertifiseringa aleine

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Popoff 2007, s. 49.
  2. Popoff 2007, s. 42–43.
  3. Popoff 2007, s. 43–44.
  4. Popoff 2007, s. 44.
  5. «Heavy – The Story Of Metal – Episode II : British Steel FULL DOCUMENTARY | Karma's little spanker». Elementulhuliganic.wordpress.com. 20. desember 2013. Henta 11. september 2016. 
  6. Roberts, David (2006). British Hit Singles & Albums (19th utg.). London: Guinness World Records Limited. s. 291. ISBN 1-904994-10-5. 
  7. «Gold & Platinum Searchable Database - May 19, 2014». RIAA. Henta 11. september 2016. 
  8. «Sin After Sin review». AllMusic. 
  9. Cope, Andrew Laurence. Black Sabbath and the Rise of Heavy Metal Music. Ashgate Publishing. ISBN 9781409493983. 
  10. Cope 2013, s. 114.
  11. «American album salstrofé – Judas Priest – Point of Entry». Recording Industry Association of America.  If necessary, click Advanced, then click Format, then select Album, then click SEARCH