Sinclairspelet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Sinclairspelet er eit historisk spel om skottehæren som kom til Klungnes i Romsdal i 1612. Manus er skrive av forfattaren Erling Pedersen og handlar om den dramatiske ferda som enda så tragisk ved Kringen ved Otta i Gudbrandsdalen. Spelet har både profesjonelle skodespelarar og amatørar. Det er vist på Klungnes i Rauma kommune tidleg i august kvart år. I 2005 vart spelet vist på utescene ved Tunstugu i Lesja.