Sinemorets Hill

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sinemorets Hill
ås
Sinemorest Hill med St. Kliment Ohridski-basen ved foten, og ein snødekt Grand Lagoon i framgrunnen.
Land  Antarktis
Stad Livingston Island
 - høgd 64 moh.
 - koordinatar 62°38′25″S 60°21′42″W / 62.64028°S 60.36167°W / -62.64028; -60.36167
Administrert under Antarktistraktaten
Kart
Sinemorets Hill
62°38′25″S 60°21′42″W / 62.6403°S 60.3617°W / -62.6403; -60.3617
Sinemorets Hill is located in Antarktis
Sinemorets Hill (Antarktis)

Sinemorets Hill (Halm Sinemorets) er den nest mest markante åsen (etter Hesperides Hill) i ei åsrekkje oppom Bulgarian Beach aust på Livingston Island i Sør-Shetlandsøyane i Antarktis.

Topografisk kart over Livingston Island, Greenwich, Robert, Snow og Smith Islands.

Sinemorets Hill er 380 m lang frå aust til vest og 230 m brei, med to toppar. Den sørvestlege er 64 moh og den nordaustlege 62 moh, med eit lite tjern mellom dei. Han er snøfri om sommaren og ligg oppom den bulgarsk basen i sørvest. Restar av ein gammal leir på austsida var framleis synleg i 1996.

Sinemorets er namnet på ein landsby og eit nes ved kysten av Svartehavet. Åsen vart namngjeven av United Kingdom Antarctic Place-Names Committee (UK-APC) i 1994 etter ønske frå den andre bulgarske antarktisekpsedisjonen (1993/94).

Åsen ligg 820 m aust-nordaust for Hespérides Point, 220 moh innover frå Greenpeace Rock, 1,2 km nordvest for Krum Rock og 970 m nord-nordaust for Atlantic Club Ridge. Det vart kartlagd i detalj av spanske Servicio Geográfico del Ejército i 1991.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]