Sing, Sing, Sing (With a Swing)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
«Sing, Sing, Sing (With a Swing)»
Musikk av Louis Prima
Tekst av Louis Prima
Publisert 1936
Språk engelsk

«Sing, Sing, Sing (With a Swing)» er ein song frå 1936 skriven av Louis Prima, som først spelte han inn med New Orleans Gang og gav han ut i mars 1936 som Brunswick 7628, med «It's Been So Long» som B-side. Han er sterkt identifisert med storband og swingtida. Sjølv om han har tekst, som Prima skreiv, vart han framført som ein instrumental av Fletcher Henderson og mest kjend av Benny Goodman.

Benny Goodman-innspelinga[endre | endre wikiteksten]

Den 6. juli 1937 vart «Sing, Sing, Sing» spelt inn i Hollywood med Benny Goodman på klarinett; Harry James, Ziggy Elman og Chris Griffin på trompetar; Red Ballard og Murray McEachern på trombonar; Hymie Schertzer og George Koenig på altsaksofonar; Art Rollini og Vido Musso på tenorsaksofon; Jess Stacy på piano; Allan Reuss på gitar; Harry Goodman på bass og Gene Krupa på trommer. Songen vart arrangert av Jimmy Mundy. I motsetnad til dei fleste storbandarrangementa på den tida, som var avgrensa til tre minuttar slik at songen kunne spelast inn på ei standard 10-tommars 78-rpm-plate var versjonen til Goodman eit lengre verk. Innspelinga frå 1937 varer minst 8 min 43 sek, og tok opp begge sider på ein 12-tommar 78-plate. Dei lengste konsertopptaka av songen (med soloar) var 12 og eit halvt minutt lange. Mundy sitt arrangement nytta ein del av «Christopher Columbus», eit stykke skriven av Chu Berry for bandet til Fletcher Henderson, i tillegg til Prima sitt verk.

I boka deira frå 1966, Hear Me Talkin’ To Ya: The Story Of Jazz As Told By The Men Who Made It, siterte Nat Shapiro og Nat Hentoff Goodman som skal ha sagt «'Sing, Sing, Sing' (som me starta å spele i Palomar den andre gongen me var der i 1936) var ein stor sak, og ingen konsertkveld var komplett utan han.»[1] Jazzkonserten til Goodmann i 1938 i Carnegie Hall var forskjellig frå den kommersielle utgjevinga og seinare innspelingar med Goodmann-bandet. Musikarane i bandet til Goodman var dei same som i 1937, utanom Vernon Brown som var erstatta av Murray McEachern på trombone og Babe Russin som erstatta Vido Musso på tenorsaksofon.

Soloen til Goodman er meir sjølvgranskande i Carnegie-versjonen, med større variasjon i dynamikk og farge og Krupa speler eit pulserande tom-tom-akkompagnement der det tredje slaget er aksentuert bak Goodman for den første halvdelen av soloen, medan Jess Stacy set inn mollakkordar her og der.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Shapiro, Nat, and Hentoff, Nat. Hear Me Talkin' to Ya: The Story of Jazz As Told by the Men Who Made It. New York, NY: Dover Publications, 1966. (Access Page 320 from Google Books.)
  2. Whitney Balliett, «Back from Valhalla», American Musikars II 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]