Singapore Flyer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Singapore Flyer fotografert 20. februar 2015.

Singapore Flyer er eit 165 meter høgt pariserhjul i Marina Bay i Singapore, opna i 2008. Singapore Flyer var det høgste pariserhjulet i verda fram til opninga av det 2,6 meter høgare pariserhjulet High Roller i Las Vegas i USA 1. april 2014.

Interiøret i ein gondol

Hjulet på Singapore Flyer er festa til navet med 112 ståltau som kvar er 8 cm tjukke. Ettersom eit slik hjul ikkje er stabilt før alle ståltaua er på plass og stramma opp, måtte hjulet under oppbygginga verte stabilisert med massive stålspiler.

Singapore Flyer roterer sakt og jamt, og stoggar ikkje for av- og påstiging, som altså skal gjerast i fart. Ei omdreiing av pariserhjulet tek om lag ein halv time.

Gondolane[endre | endre wikiteksten]

Ein av gondolane på Singapore Flyer på topp-punktet.

Pariserhjulet har 28 gondolar som kvar har plass til 28 personar, slik at det totalt er plass til 784 personar. Talet 28 har ein symbolsk meinig, ettersom 8 er eit kinesisk lykketal som i kombinasjonen av 2 og 8 i 28 er rekna for å gje dobbel lykke.

Gondolane er sylindriske, og festa i to ringer montert på utsida av pariserhjulet. Dei vil justere seg etter kvart som hjulet går rundt, slik at golvet i dei alltid ligg vassrett.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]