Hopp til innhald

Singitjåkka

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Singitjåkka
fjell
Måne over Singitjåkka
Land  Sverige
Kart
Singitjåkka
67°51′36″N 18°29′04″E / 67.86°N 18.48444444°E / 67.86; 18.48444444

Singitjåkka (nordsamisk Siŋŋičohkka) er eit fjell i Kebnekaise-massivet i Kiruna kommun. Dei to høgaste toppane er 1704 og 1678 meter over havet.

På nordsida av fjellet går dalføret Singivagge i ei vest-aust-retning. Innsjøen Singijaureh ligg omtrent i midten av dalen. Elvane Siŋŋijohka og Šiellajohka renn høvesvis vestover og austover gjennom dalen.

Sør for fjellet går dalføret Ladtjovagge.

Frå venstre: Skárttoaivi, Singitjåkka, Tuolpagorni, Vierramvare og foten av Kebnekaise.