Hopp til innhald

Sinikka Langeland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sinikka Langeland

Fødd13. januar 1961 (64 år)
FødestadGrue kommune
OpphavNoreg
Sjangerfolkemusikk, jazz
Instrumentvokal, kantele
PlateselskapEdition of Contemporary Music
Verka somsongar, komponist, jazzmusikar
PrisarEdvard-prisen for musikk i grenseland

Anne Sinikka Langeland (fødd 13. januar 1961) er ein norsk musikar frå Finnskogen. Ho speler det finske nasjonalinstrumentet kantele, men er òg kjend for kveding.

I 1996 mottok ho Finnskogprisen.[1] For Runoja fekk ho Edvard-prisen i klassen musikk i grenseland i 2003.[2] I 2004 vann ho i lag med Ove Berg Norsk-finsk Kulturfond sin kulturpris og i 2010 fekk ho Gammleng-prisen i klassen folkemusikk.[1][3] I 2012 fekk ho Sibeliusprisen av Sibelius-selskapet i Norge.[4] Ho vann NOPAs tekst- og musikkpris for 2019 i open klasse for Sauna Cathedral.[5] Langeland har også vore nominert til Spellemannprisen 1997 i klassen folkemusikk for Strengen var af røde guld og Spellemannprisen 2000 i klassen folkemusikk/gammaldans for Lille Rosa.[6][7]

Langeland er busett på Grue Finnskog.

Diskografi (utval)

[endre | endre wikiteksten]
  • Langt innpå skoga (1994)
  • Tirun Lirun – Skogsfinske runesanger (2001), med Ove Berg (musiker)|Ove Berg
  • Runoja – Runesanger frå Finnskogen (2002)
  • Stjerneklang – Norske folketoner og Bachs julekoraler (2002), med Andreas Liebig
  • Påsketona (2004), med Kåre Nordstoga
  • Hjartegangar – Lydarspel, brureslåttar og songar i tradisjon og nyskaping (2008), med Knut Buen & Kåre Nordstoga
  • Maria Magdalena (2021)
  • Wind and Sun (2023)

Bokutgjevingar (utval)

[endre | endre wikiteksten]
  1. 1 2 «Finsk-norsk kulturpris til Sinikka Langeland og Ove Berg». ballade.no. 28. april 2004. Henta 28. desember 2024.
  2. «Edvard-pris til Sinikka Langeland». ballade.no. 25. august 2003. Henta 28. desember 2024.
  3. «Rolf Gammleng-prisen». ffuk.no. Henta 28. desember 2024.
  4. «Arkivert kopi». Arkivert frå [rhttp://www.sinikka.no/sibeliusprisen-2012-til-sinikka-langeland/ originalen] 28. oktober 2012. Henta 14. november 2012.
  5. «Vinnerne av NOPA-prisene». nopa.no. 15. desember 2020. Henta 25. desember 2020.
  6. «Espen Lind nominert til Spellemannprisen». dagbladet.no. 4. februar 1998. Henta 28. desember 2024.
  7. «Nominerte til Spellemannprisen». vg.no. 12. januar 2001. Henta 28. desember 2024.