Sinjar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Sinjar
kurdisk شنگار/شنگال, Şengar, Şingal
by
Sinjar2015.JPG
Sinjar i 2015
Land Flag of Iraq.svg Irak
guvernement Ninive guvernement
Distrikt Sinjar-distriktet
Høgd 522 moh.
Folketal 88 023 (2013)
Tidssone GMT (UTC+3)

Sinjar
36°19′15″ N 41°52′35″ E
Wikimedia Commons: Sinjar

Sinjar, òg kalla Shingal[1] (kurdisk Şengal/Şingal/Şingar/شنگار/ شنگال)[2][3][4][5], i antikken Singara) er ein by i Shingal-distriktet i Ninive guvernement i Irak nær Sinjarfjella og grensa til Syria. Byen er hovudsakleg busett av jesidiar med ein muslimsk, kurdisk minoritet. I 2013 var folketalet estimert til nesten 90 000 innbyggjarar.

Ofte vert «Sinjar» brukt om heile fjellregionen (sjå Sinjarfjella), som er vesentleg større.

Ei stor høgd over grensa til det nordaustre Syria, kjent som Tell Hamoukar, viser at det har vore ein bysivilisasjon på staden så lang tid tilbake som år 4000 f.Kr. Sinjardalen tilhøyrde den nordlege ubaidkulturen. På Sinjarsletta, der Tell Hamoukar ligg, er det restar av ei rekkje endå eldre sivilisasjonar (Hassuna, Halaf, Ubaid). Meir enn 200 funnstadar er kjende.

Nokre kjelder nemner Sinjar som den byen der den kristne helgenen Abd-al-Masih lei martyrdøden. Polyhistoren Ibn al-Akfani vart fødd i Sinjar.

Scenar frå filmen Exorcisten frå 1973 vart filma i Sinjar.

2. august 2014 vart byen Sinjar og områda rundt erobra av islamistgruppa ISIL som har lova å utrydda jesidiane. Det meste av folkesetnaden flykta, men mange tusen vart drepne eller teke til fange. Fleire hundre tusen flykta til Syria eller dei kurdiske områda lenger aust. Fleire titusenar gjekk høgare opp i fjellet der dei mangla vatn, mat og ly for den sterke sola.

Då ISIL gjekk til åtak kunne kurdiske peshmergastyrkar berre halda stillingane sine i få timar, før dei trekte seg unna. Motåtaket frå syriske kurdarar så vel som frå nye peshmergastyrker frigjorde deler av området, og nådde 8. august fram til nokre av flyktningane i fjellet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. King, Diane E. (2013). Kurdistan i Global Stage: Kinship, Land, and Community i Irak. Rutgers University Press. s. 181. ISBN 9780813563541. 
  2. «Pêşmergeyan Şingal rizgar kirin (Peshmerga liberated Sinjar (på kurdisk)». Avesta Kurd. 28. februar 2021. Henta 28. februar 2021. 
  3. «ŞENGAL - Barzanî operasyonê dimeşîne (gav bi gav tên nûkirin)». Sputnik News. 12. november 2015. Henta 28. februar 2021. 
  4. «YAZIDIS i. GENERAL». Encyclopaedia Iranica. 20. juli 2004. Henta 28. februar 2021. The Yezidi’ cultural practices are observably Kurdish, and almost all speak Kurmanji (Northern Kurdish), with the exception of the villages of Baʿšiqa and Baḥzānēin northern Irak, where Arabic is spoken. Kurmanji is the language of almost all the orally transmitted religious traditions of the Yezidi. 
  5. Abul Fazl-i-Ạllámí (1894), «Description of the Earth», The Áin I Akbarí, Vol. III, Translated by H.S. Jarrett, Calcutta: Baptist Mission Press for the Asiatic Society of Bengal, s. 25–27 .