Sinsenkrysset

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 59°56′15.173″N 10°47′5.0388″E

Eit oversyn over Sinsenkrysset i 2011, før Ring 3 var lagt i Løren-tunnelen på strekninga mellom Sinsen og Økern. Gjøvikbanen og Sinsen stasjon på T-banen til venstre på fotografiet.
Sinsenkrysset slik det såg ut i 1965. Ring 3 går mellom nedre venstre hjørnet og øvre høgre hjørnet på fotografiet, Trondheimsveien, som no er rikveg 4, kjem ut frå bykjerna i øvre venstre hjørnet og går nordover i høgre hjørnet. Jarnbanelina i øvre delen av fotografiet er Gjøvikbanen.
Foto: Ukjend fotograf / Oslo byarkiv
.

Sinsenkrysset er namnet på eit kryss i fleire plan i Oslo, utbygd gjennom åra i fleire etappar. Krysset koplar saman Ring 3 (riksveg 150), som går i boge kring det sentrale Oslo, med riksveg 4 mellom Oslo og Gjøvik.

Krysset er sett saman av ein rundkøyring i terrengplanet som gjev samband mellom dei to kryssande vegane, ei bru som riksveg 4 går over rundkøyringa på, og ein tunnel under rundkøyringa som Ring 3 er lagt i. Mellom rundkøyringa og dei to kryssande vegane er det rampar. Diagonalt går ein eigen trasé for trikkelina i ei skjering under Ring 3. Mellom krysset og Økern går Ring 3 i den om lag 1200 meter lange Lørentunnelen, opna i 2013.

Utbygginga av Sinsenkrysset har gått føre seg i fleire etappar. Rundkøyringa, som var den fyrste av denne storleiken i Noreg, vart bygd i 1957. Deretter vart trikkelina lagt under vegen i rundkøyringa. I 1970 vart Trondheimsveien (noverande riksveg 4), som då var hovudvegen ut av byen nordover, lagt i bru over rundkøyringa, og i 1991 fekk trikkesporet noverande trasé under krysset. I 1994 vart Ring 3 lagt under rundkøyringa.

I nærleiken av vegkrysset er det haldeplassar for trikk, T-bane og buss. Grensene for dei administrative bydelane Nordre Aker, Bjerke, Sagene og Grünerløkka møtast i krysset.