Siouxsie and the Banshees

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Siouxsie and the Banshees

AliasJanet and the Icebergs
OpphavLondon, England
Aktiv1976–1996, 2002
Sjanger
Tilknytte artistar
Plateselskap
Tidlegare medlemmerSiouxsie Sioux
Steven Severin
Marco Pirroni
Sid Vicious
Kenny Morris
Pete Fenton
John McKay
Budgie
Robert Smith
John McGeoch
John Valentine Carruthers
Martin McCarrick
Jon Klein
Knox Chandler

Siouxsie and the Banshees var eit britisk rockeband, skipa i London i 1976 av vokalisten Siouxsie Sioux og bassgitaristen Steven Severin. Dei har inspirert mange andre artistar, både samtidige og seinare artistar. Q tok med gitarspelinga til John McKay på songen «Hong Kong Garden» på lista si over dei hundre beste gitarssongane gjennom tidene,[1] medan Mojo rangerte gitaristen John McGeoch som ein av dei hundre beste gitaristane gjennom tidene for arbeidet hans på «Spellbound».[2] The Times omtalte gruppa som «ein av dei mest dristrige og kompromisslause musikalske eventyrarane i post-punk-tida».[3]

I starten vart bandet assosiert med punk-miljøet, men utvikla seg raskt til «ei form for post-punk-disharmoni full av vågale rytmiske og lydmessige eksperiment».[3] Debutalbumet deira The Scream kom ut i 1978 til rosande omtale. I 1980 endra dei den musikalske retninga si og vart «nesten eit heilt anna band» med Kaleidoscope,[4] som nådde femteplassen på UK Albums Chart. Med Juju (1981), som òg nådde topp 10, vart dei eit viktig band i det gryande gotiske miljøet. I 1988 slo bandet gjennom i Nord-Amerika med det varierte albumet Peepshow, som fekk god kritikk. Med stor støtte frå radiostasjonar baserte på alternativ rock,[5] fekk dei ein hit i USA i 1991 med singelen «Kiss Them for Me».

I løpet av karrieren gav Siouxsie and the Banshees ut 11 studioalbum og 30 singlar. Bandet hadde fleire endringar i besetninga og Siouxsie og Severin var dei einaste konstante medlemmane. Dei vart oppløyst i 1996, men Siouxsie og trommeslagaren Budgie heldt fram å spele inn musikk som The Creatures, eit band dei skipa på si i tidleg i 1980-åra. I 2004 byrja Siouxsie òg ein solokarriere.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Skiping (1976–1977)[endre | endre wikiteksten]

Siouxsie Sioux og Steven Severin møttest på ein Roxy Music-konsert i september 1975 på ei tid då glamrock var på veg ut og det ikkje var noko nytt som kom opp som dei kunne identifisere seg med.[6] Frå februar 1976 byrja Siouxsie, Severin og somme vener å følgje eit usignert band, The Sex Pistols.[7] Journalisten Caroline Coon kalla dei «Bromley Contingent», sidan dei hovudsakleg kom frå Bromley-området sør i London, ein merkelapp Severin kom til å forakte. «Det var ikkje noko slikt, det var berre ein gjeng som møttest på grunn av korleis dei kjende seg og såg ut».[7] Dei var alle inspirerte av Sex Pistols og den kompromisslause haldninga deira.[8] Då dei fekk vite at eitt av banda som skulle spele på 100 Club Punk Festival, organisert av Sex Pistols-manageren Malcolm McLaren, trekte seg frå spelelista i siste augneblink, føreslo Siouxsie at ho og Severin kunne spele, sjølv om dei ikkje hadde noko bandnamn eller andre medlemmar.[9] To dagar seinare spelte paret på festivalen i London den 20. september 1976. Med to lånte musikarar på scenen, Marco Pirroni på gitar og John Simon Ritchie (då alt kjend som Sid Vicious) på trommer, bestod settet deira av ein 20 minuttar lang improvisasjon basert på «Fader vår».[10]

Sjølv om bandet var meint å bli oppløyst etter konserten, vart dei beden om å spele igjen. To månadar seinare henta Siouxsie og Severin trommeslagaren Kenny Morris og gitaristen Pete Fenton.[11] Etter å ha spelt fleire konsertar tidleg i 1977, forstod dei at Fenton ikkje passa inn, fordi han var «ein verkeleg rockegitarist». John McKay tok til slutt plassen hans i juli.[12] I november spelte dei første gongen på TV på Manchester-kanalen Granada, på showet til Tony Wilson kalla So It Goes. Dei spelte så første gongen for John Peel på BBC radio der dei hadde premiere på ein ny song, «Metal Postcard», og introduserte ein «motorik-nøysemd» i trommemønsteret.[13] Bandet skildra musikken sin som «kald, maskin-liknande og lidenskapeleg samstundes». Dei var på framsida av det britiske vekesmagasinet Sounds, der Vivien Goldman skreiv: «dei høyrest ut som eit industrianlegg på 2000-talet».[14]

The Scream og Join Hands (1978–1979)[endre | endre wikiteksten]

Medan bandet spelte utselde konsertar i London tidleg i 1978,[15] hadde dei framleis problem med å få seg den rette platekontrakten, som kunne gje dei «full kunstnarisk kontroll».[16] Polydor gav dei til slutt tilbodet dei ønskte seg og dei signerte i juni. Den første singelen, «Hong Kong Garden», består av eit xylofon-motiv, og nådde topp 10 i Storbritannia kort tid etter. Ei melding i NME kalla songen «ei lys, levande forteljing, som augeblikksbilete frå vindauget av eit japansk lyntog, ladd med den mest originale, berusande gitarspelinga eg høyrt på lang, lang tid».[17]

Bandet gav ut debutalbumet sitt, The Scream, i november 1978. Nick Kent i NME sa om plata: «Bandet høyrest ut som ei blanding av The Velvet Underground blanda med mykje av oppfinnsamheita på Tago Mago-tida til Can, om ein kan trekkje nokon parallell». Mot slutten av artikkelen la han til: «Den tradisjonelle tredelte lyden har absolutt aldri blitt brukt på ein meir uortodoks måte med så fantastiske resultat før».[18]

Det andre albumet til The Banshees, Join Hands, kom ut i 1979. I Melody Maker skildra Jon Savage songen «Poppy Day» som «ei kort, mektig levandegjering av gravplassane etter første verdskrigen»,[19] og Record Mirror skildra heile plata som eit farleg verk som «må høyrast».[20] The Banshees la ut på ein stor turné for å marknadsføre albumet. Eit par dagar inn i turneen i september, drog Morris og McKay frå ei butikksignering etter ein krangel og slutta i bandet.[21] The Banshees trengde erstattarar for å fullføre resten av turneen og manageren deira ringde til trommeslagaren Budgie, som tidlegare hadde spelt i The Slits, og spurte om han ville prøvespele. Budgie fekk jobben, men Siouxsie og Severin hadde ingen suksess med å finne ein ny gitarist.[22] Robert Smith frå The Cure tilbaud seg å hjelpe dei om dei ikkje fann ein gitarist (gruppa hans var alt oppvarmingsband på turneen), og bandet tok i mot tilbodet.[23] Turneen fortsette i september og etter den siste konserten drog Smith attende til The Cure.[24]

Kaleidoscope, Juju og A Kiss in the Dreamhouse (1980–1982)[endre | endre wikiteksten]

Siouxsie (1980)

Trommeslagaren Budgie vart fast medlem og bandet gjekk i studio for å spele inn singelen «Happy House» med gitaristen John McGeoch, som då framleis var medlem i Magazine. Det tredje albumet deira, Kaleidoscope, kom ut i 1980, der The Banshees gjekk i nye musikalske retningar og brukte andre instrument som synthesizer, sitar og trommemaskinar. Gruppa hadde opphavleg ein plan om la kvar song høyrast heilt forskjellig ut, utan tanke på om songen let seg framføre på scenen.[25] Melody Maker skildra resultatet som «eit kaleidoskop av lyd og bilete, nye former og innhald, som blinkar føre augo våre».[26] Kaleidoscope vart ein salssuksess og nådde femteplassen på den britiske albumlista. Denne besetninga, med McGeoch på gitar, turnerte i USA for første gongen, og spelte dei første konsertane sine i New York City i november 1980.[27]

Juju (1981) gjekk bandet til verks på ein ny måte og øvde inn songane på konsertane sine før dei spelte dei inn.[28] Juju vart i følgje Severin eit utilsikta konseptalbum som «var basert på mørkare element». Sounds hylla det som «spanande, intenst, tankevekkjande og særs atmosfærisk».[29] Albumet nådde sjuandeplassen på den britiske albumlista og vart eit av dei bestseljande albuma deira.[30] Gitarspelet til McGeoch på Juju vart seinare lovprisa av Johnny Marr frå The Smiths.[31][32]

På den påfølgjande turneen i 1981 vart Siouxsie og Budgie i løyndom eit par.[33] Samstundes byrja dei å spele som ein tromme-og-vokal-duo kalla The Creatures, som gav ut den første EP-en sin, Wild Things.

The Banshees følgde i 1982 med det psykedeliske A Kiss in the Dreamhouse.[34] Plata, med strykarar på fleire av songane, var ein medviten kontrast til dei tidlegare platene deira, som Severin sidan skildra som eit «sexy album».[35] Den britiske pressa var entusiastiske.[36][37] Richard Cook fullførte meldinga si for NME med: «Eg lovar...denne musikken vil ta pusten frå deg».[38] På denne tida sleit McGeoch med alkoholproblem og vart lagt inn på sjukehus då han kom attende frå ein marknadsføringstur til Madrid. Bandet sparka han kort tid etter.[39] Severin spurte Robert Smith om å ta over som gitarist igjen og Smith kom inn i gruppa i november 1982.[40]

Hyæna, Tinderbox og Through the Looking Glass (1983–1987)[endre | endre wikiteksten]

I 1983 arbeidde bandmedlemmane på fleire sideprosjekt. Siouxsie og Budgie skapte det første Creatures-albumet, Feast, medan Severin og Smith spelte i lag som The Glove. Smith insisterte på å dokumentere tida si med The Banshees, så gruppa gav ut ein versjon av The Beatles-songen «Dear Prudence» i september 1983. Han vart den største hitten deira og nådde tredjeplassen på UK Singles Chart.[41] Dei gav òg ut eit konsertalbum, Nocturne, og fullførte det sjette studioalbumet deira, Hyæna.[42] Kort tid før albumet kom ut i mai 1984, slutta Smith i gruppa, og sa sjølv det var av helseårsaker sidan han vart overarbeidd då han var i to grupper samstundes.[43]

Den tidlegare Clock DVA-gitaristen John Valentine Carruthers erstatta han. The Banshees omarbeidde så fire nummer frå repertoaret sitt, med ein strykeseksjon, for EP-en The Thorn. NME gav prosjektet god omtale: «Krafta i eit klassisk orkester er den perfekte folien for den malande, insisterande lyden til bandet».[44] Den nye Banshees-besetninga brukte mykje av 1985 på ei ny plate, Tinderbox. Gruppa fullførte songen «Cities in Dust» før albumet kom ut, så dei gav han kjapt ut før dei la ut på den lengste turneen sin i Storbritannia.[45] Tinderbox kom til slutt ut i april 1986. Sounds skreiv: «Tinderbox er ei forfriskande vinkling på det forstyrra perspektivet til The Banshees og gjenopprettar dei livlege nyansane i den bleike paletten til popen».[46] Sidan dei brukte så lang tid på Tinderbox, ønskte gruppa spontanitet og valde å spele inn eit album med coversongar, Through the Looking Glass, i 1987.[47] Mojo roste seinare versjonen deira av «Strange Fruit».[48][49] Etter albumet kom ut forstod bandetatCarruthers ikkje lenger passa inn og valde å spele inn nye songar som ein trio.[50]

Peepshow (1988–1990)[endre | endre wikiteksten]

Etter ein lengre pause henta bandet inn multi-instrumentalisten Martin McCarrick og gitaristen Jon Klein. Kvintetten spelte inn Peepshow i 1988, med ikkje-tradisjonelle rockeinstrument som cello og trekkspel. Q gav albumet særs god omtale: «Peepshow finn stad i eit slags forvridd tanke-tivoli der rare og fantastiske former oppstår».[51] Den første singelen, «Peek-a-Boo», vart sett av kritikarane som eit «modig grep» med blåsarar og danseelement.[52] Sounds skreiv: «Skarptromma vert klappa til, stemma til Siouxsie bølgjer seg kring hovudet ditt og alt kjem saman på magisk vis».[52] «Peek-a-Boo» var det første verkelege gjennombrotet deira i USA.[53] Etter turneen valde bandet å ta ein pause, og Siouxsie og Budgie spelte inn eit album som Creatures, som vart det mest kritikarroste albumet deira til no,[54] Boomerang, og Severin og McCarrick arbeidde på materiale i lag.[55]

Superstition, The Rapture og oppløysing (1991–1999)[endre | endre wikiteksten]

I 1991 vende Siouxsie and the Banshees attende med singelen «Kiss Them for Me», som blanda strykarar over ein danserytme fylt med exotica. Gruppa samarbeidde med då ukjende, asiatiske tabla-spelaren Talvin Singh, som òg song på mellomspelet. Singelen fekk god kritikk[56] og nådde sidan 23. plassen på Billboard Hot 100, der dei nådde eit nytt publikum.[53] Albumet Superstition kom ut kort tid etter, og gruppa turnerte USA som det andre hovudnamnet på den første Lollapalooza-turneen. Året etter vart The Banshees spurt om å komponere «Face to Face» som ein singel for filmen Batman Returns, etter ynskje frå regissøren Tim Burton.[57]

I 1993 spelte The Banshees inn nye songar med strykearrangement, men stoppa raskt innspelingane for å spele på festivalar utanlands. Då dei kom heim henta dei inn det tidlegare Velvet Underground-medlemmet John Cale til å produsere resten av plata.[58] Då det kom ut i 1995 vart The Rapture skildra av Melody Maker som «ei fascinerande, transkontinental reise gjennom fare og exotica».[59] Eit par veker etter det kom ut, droppa Polydor bandet frå stallen sin[60] og Klein vart erstatta på den siste turneen deira i 1995 av den tidlegare Psychedelic Furs-gitaristen Knox Chandler. I april 1996 vart The Banshees oppløyst eter 20 år i lag.[61] Siouxsie og Budgie annonserte at dei kom til å halde fram The Creatures. I 1999 gav dei ut det kritikarroste albumet Anima Animus.[62]

Etter 2000[endre | endre wikiteksten]

I 2002 gav Universal Music ut samlealbumet The Best of Siouxsie and the Banshees. I april kom Siouxsie, Severin, Budgie og Chandler ei kort stund saman att for Seven Year Itch-turneen, som vart dokumentert med konsertalbumet og DVD-en Seven Year Itch i 2003. Dagen etter den siste konserten deira i Tokyo i Japan, vart Siouxsie og Budgie verande att og spelte inn eit album som The Creatures. Det fjerde og siste studioalbumet deira, Hái!, kom ut nokre månadar seinare.

I 2004 kom plateboksen Downside Up ut, med alle B-sidene til The Banshees og EP-en The Thorn. The Times skreiv i meldinga si: «for her er ei gruppe som aldri fylte B-sidene med dårlegare spor. I staden såg dei på desse som somme av dei mest radikale og utfordrande verka sine».[63]

I 2006 kom dei fire første albuma til bandet ut ommastra og med bonusspor som ikkje før var gjeven ut. Fleire innspelingar gjort for John Peel frå 1978 til 1986 vart òg samla saman på Voices on the Air: The Peel Sessions. AllMusic skildra den første innspelinga som «ei brennande intensjonserklæring» og omtalte dei andre framføringane som «glimrande».[64] Den andre gruppa med ommastra utgåver, for perioden 1982–1986, kom ut i april 2009. Plateboksen At the BBC med ein DVD med alle dei britiske TV-framføringane deira og tre CD-plater med konsertopptak, kom ut i juni same året.

I april 2014 vart debutsingelen deira, «Hong Kong Garden», gjeven ut på ein dobbel 7''-vinyl. Seint i oktober dette året kom dei fire siste studioalbuma deira med ommastra lyd og bonusspor.[65] Siouxsie og Severin sette saman ei samleplate kalla It's a Wonderfull Life for musikkmagasinet Mojo i september 2014 der Siouxsie var på framsida av magasinet.[66] Plata bestod av film- og klassisk musikk av komponistar som hadde inspirert dei.[67]

I 2015 kom ei ny samleplate kalla Spellbound: The Collection, med singlar, albumspor og B-sider.[68] Ein CD-boks kalla Classic Album Selection Volume One kom ut i januar 2016 med dei første seks albuma deira ommastra av Kevin Metcalfe. Classic Album Selection Volume Two, inneheldt dei andre seks albuma og kom ut i april. Ei biletutgåve på vinyl av The Scream kom ut i november.

I 2018 kom alle albuam deira ut på vinyl, ommastra frå dei originale lydbanda av Miles Showell.[69] Ei utgåve av The Scream på blå vinyl kom ut i eit opplag på berre tusen eksemplar, i høve 40-årsjubileet til albumet i november.[70]

Musikkstil[endre | endre wikiteksten]

Det er blitt sagt at Siouxsie and the Banshees utvikla «ei form for post-punk-disharmoni full av vågale rytmar og lydmessige eksperiment».[3] The Times skreiv at «The Banshees står stålt som eit av dei mest vågale og kompromisslause musikalske eventyrarane frå post-punk-tida».[3] Med nokre av dei mørkaste songane deira, var bandet òg med på å starte det gotisk-miljøet.[71] Bandet vert òg rekna som eit new wave-band.[72]

Dei var òg eit av dei første alternative banda. Musikkhistorikaren Peter Buckley har peikt på at dei var «heilt i fronten av alternativ rock-miljøet».[73] I 1988 var «Peek-a-Boo» eit av dei aller første spora som toppa den amerikanske Modern Rock-lista etter at Billboard lanserte denne lista i starten av september for radiostasjonar som hovudsakleg rekna seg som alternative og college-kanalar.[74]

Ettermæle[endre | endre wikiteksten]

Siouxsie and the Banshees har inspirert mangeseinare sjangrar, inkludert post-punk, new wave, synthpop, gotisk rock, alternativ musikk, shoegazing og trip-hop, med artistar som Joy Division, The Cure, The Smiths, Depeche Mode, PJ Harvey, Radiohead, Tricky og LCD Soundsystem.

Peter Hook i Joy Division, som såg gruppa på konsert i Manchester i 1977,[75] sa: «Siouxsie and the Banshees var ei av dei største inspirasjonskjeldene våre. Den første plata til The Banshees var ei av favorittplatene mine nokon gong, og måten gitaristen og trommisen spelte på var verkeleg uvanleg og dette albumet var ein milepåle».[76] Joy Division-produsenten Martin Hannett såg ein skilnad mellom den første besetninga til The Banshees og andre band i 1977: «Alle harmoniane du fekk var nakne, for å sei det mildt, utanom eit og anna unntak, som Siouxsie. Dei var interessante».[77] Sjefen i The Cure, Robert Smith, sa i 2003: «Siouxsie and the Banshees og Wire var dei to banda eg verkeleg likte. Dei betydde noko.»[78] Han fortalte òg om då han stod på scenen med bandet i 1979: «På scenen den første kvelden med The Banshees vart eg blåst av banen av kor mektig eg kjende meg då eg spelte denne musikken. Det var så forskjellig frå det me gjorde med The Cure. Før det så hadde eg tenkt at me skulle vere som The Buzzcocks eller Elvis Costello, punkversjonen av Beatles. Banshees endra verkeleg haldninga mi til det eg heldt på med».[79]

Dei to låtskrivarane i The Smiths snakka om bandet. Songaren Morrissey sa at «Siouxsie and the Banshees var glimrande», og at «dei var ei av dei store gruppene seint i 1970- og tidleg i 1980-åra».[80] I 1994 sa han «om du studerer moderne grupper, som får presseomtale og går inn på salslistene, så er det ingen av dei som er så bra som Siouxsie and the Banshees. Det er ikkje støvete nostalgi, det er fakta».[81] Då gitaristen Johnny Marr vart spurt om kven han angra på han ikkje fekk sett konsert med sa han «første utgåva av Siouxsie and the Banshees. Men andre utgåva var enno betre».[82] Marr nemnte at han likte John McGeoch og bidraga hans til singelen «Spellbound».[83] U2 omtalte Siouxsie and the Banshees som ei stor inspirasjonskjelde[84] og valde ut «Christine» for ei samleplate for Mojo.[85] I september 1981 omtalte Dave Gahan frå Depeche Mode The Banshees som eit av dei tre favorittbanda hans i lag med Sparks og Roxy Music.[86] Jim Reid frå The Jesus and Mary Chain omtalte «Jigsaw Feeling» frå The Scream som ein av favorittsongane hans.[87] Thurston Moore i Sonic Youth har omtalt «Hong Kong Garden» som ein av favorittsongane hans,[88] og Kevin Shields i My Bloody Valentine omtalte dei som tidlege inspirasjonskjelder.[89]

The Banshees har òg blitt hylla av andre artistar. Thom Yorke har sagt at då han såg Siouxsie på ein konsert i 1985 vart han inspirert til å bli artist sjølv.[90] Radiohead omtalte McGeoch-tida med Siouxsie som inspirasjon for songen deira «There There»,[91] og øvde på Banshees-songar før turneen deira i 2008.[92] Jeff Buckley, som henta inspirasjon frå fleire kvinnelege vokalistar, spelte «Killing Time» (frå albumet Boomerang) ved fleire høve.[93][94] Buckley eigde òg alle Banshees-albuma i platesamlinga si.[95] Suede-songaren Brett Anderson omtalte Juju som eit av favorittalbuma hans.[96] Red Hot Chili Peppers framførte «Christine» på konsertane sine,[97] og gitaristen deira John Frusciante har omtalt The Banshees i intervju.[98] Garbage-songaren Shirley Manson sa «eg lærte å syngje til The Scream og Kaleidoscope. I dag kan eg sjå og høyre innverknaden til The Banshees overalt».[99][100] Siouxsie har òg blitt rosa av andre kvinnelege songarar, som PJ Harvey[101] og Courtney Love.[102] PJ Harvey valde ut Anima Animus som eit av dei ti favorittalbuma hennar frå 1999.[101] Bandet har òg hatt stor effekt på to viktige trip hop-artistar.[103][104] Tricky spelte «Tattoo» som opningssporet på det andre albumet sitt, Nearly God;[105] Massive Attack, sampla «Metal Postcard» på songen «Superpredators», spelt inn før Mezzanine.[106] Air-medlemmet Jean-Benoît Dunckel har omtalt gruppa som ein av dei tre viktigaste inspirasjonskjeldene hans.[107] Billy Corgan frå Smashing Pumpkins omtalte The Banshees som ein viktig inspirasjon for musikken hans.[108] Faith No More spelte «Switch» på konsertane sine[109] og omtalte The Scream som ein av inspirasjonskjeldene sine.[110]

The Banshees har fortsatt med å inspirere yngre musikarar. Songaren James Murphy vart prega av somme Banshees-album i barndommen.[111] Bandet hans LCD Soundsystem spelte «Slowdive» som B-side til singelen «Disco Infiltrator». The Beta Band sampla «Painted Bird» på sporet sitt «Liquid Bird» frå albumet Heroes to Zeros.[112] TV on the Radio sa dei alltid prøvde å lage ein song som byrjar som «Kiss Them for Me» der det brått er eit «overraskande moment» med «ei enorm tromme som kjem inn».[113] Santigold baserte ein av songane hennar på musikken til «Red Light». «'My Superman' er ein interpolasjon av 'Red Light'».[114] Indie folk-gruppa DeVotchKa spelte balladen «The Last Beat of My Heart» etter forslag frå Arcade Fire-songaren Win Butler. Denne kom ut på Curse Your Little Heart EP-en.[115] Gossip kalla The Banshees ei av dei store inspirasjonskjeldene sine under marknadsføringa av singelen «Heavy Cross».[116] Det britiske indie-bandet Bloc Party henta inspirasjon frå «Peek-a-Boo» og songaren deira Kele Okereke sa at Banshees-songen «høyrdest ikkje ut som noko anna på denne planeten. Dette er ein popsong dei gav ut midt i karrieren sin, og for meg høyrdest det ut som den mest moderne, men òg den mest futuristiske gitarpopmusikken eg har høyrt».[117] A Perfect Circle-medlemmet Billy Howerdel sa at the Banshees var eit av dei tre favorittbanda hans.[118] The Weeknd sampla forskjellige delar av «Happy House» for songen hans «House of Balloons», og nytta òg refrenget frå den originale versjonen.[119]

Bandmedlemmar[endre | endre wikiteksten]

Tidslinje[endre | endre wikiteksten]

Besetningar[endre | endre wikiteksten]

Periode Medlemmar Utgjevingar
September 1976 ingen – berre ein konsert
November 1976 – mai 1977
  • Siouxsie Sioux – vokal
  • Peter Fenton – gitar
  • Steven Severin – bass
  • Kenny Morris – trommer, perkusjon
ingen – berre konsertar
Juli 1977 – september 1979
  • Siouxsie Sioux – vokal
  • John McKay – gitar, saksofon
  • Steven Severin – bass
  • Kenny Morris – trommer, perkusjon
September – oktober 1979
  • Siouxsie Sioux – vokal
  • Steven Severin – bass
  • Robert Smith – gitar (erstattar)
  • Budgie – trommer (erstattar)
ingen – berre konsertar
Tidleg 1980 – november 1982
  • Siouxsie Sioux – vokal
  • John McGeoch – gitar, klaverinstrument
  • Steven Severin – bass, klaverinstrument
  • Budgie – trommer, perkusjon
November 1982 – mai 1984
  • Siouxsie Sioux – vokal
  • Robert Smith – gitar, klaverinstrument
  • Steven Severin – bass, klaverinstrument
  • Budgie – trommer, perkusjon
Juni 1984 – februar 1987
  • Siouxsie Sioux – vokal
  • John Valentine Carruthers – gitar, klaverinstrument
  • Steven Severin – bass, klaverinstrument
  • Budgie – trommer, perkusjon
Midten av 1987 – januar 1995
  • Siouxsie Sioux – vokal
  • Jon Klein – gitar
  • Steven Severin – bass, klaverinstrument
  • Budgie – trommer, perkusjon
  • Martin McCarrick – klaverinstrument, strykarar
Januar 1995 – april 1996
  • Siouxsie Sioux – vokal
  • Knox Chandler – gitar
  • Steven Severin – bass, klaverinstrument
  • Budgie – trommer, perkusjon
  • Martin McCarrick – klaverinstrument, strykarar
Ikkje aktive frå april 1996 til april 2002
April – august 2002
  • Siouxsie Sioux – vokal
  • Knox Chandler – gitar
  • Steven Severin – bass
  • Budgie – trommer

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Diskografien til Siouxsie and the Banshees.

Studioalbum[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «100 Greatest Guitar Tracks Ever!». Q (Rocklist.net) (224). March 2005. Henta 13. juli 2014. 
  2. «John McGeogh – Spellbound – (Siouxsie & the Banshees, Juju) – 1981 – Yamaha». Mojo (89). June 1996. Henta 1. mars 2015. 
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 Nigel Williamson (27. november 2004). «Siouxsie & the Banshees (subscription required)». The Times. Henta 12. august 2020. «...with the Banshees she helped to invent a form of post-punk discord full of daring rhythmic and sonic experimentation... The Banshees stand proudly alongside PIL, Gang of Four og the Fall as the most audacious and uncompromising musical adventurers of the post-punk era.» 
  4. Goddard, Simon (2010). Mozipedia: The Encyclopedia of Morrissey and the Smiths [Sioux, Siouxsie entry]. Ebury Press. s. 393. ISBN 978-0452296671. 
  5. The singles «Peek-a-Boo» (1988) and «Kiss Them For Me» were both number 1 for several weeks in the Billboard Modern Rock Tracks chart, which listed the most played songs on alternative radio stations in the US. «Kiss Them for Me» stayed at the top of this chart for six weeks in a row from 6. juli 1991. See «Billboard Alternative Songs [Billboard. Billboard. 6. juli 1991. Arkivert frå originalen 23. mars 2018. Henta 11. august 2020. 
  6. Paytress 2003, s. 27.
  7. 7,0 7,1 Johns 1989, s. 13.
  8. Paytress 2003, s. 48.
  9. Paytress 2003, s. 49.
  10. Paytress 2003, s. 53–54.
  11. Paytress 2003, s. 54–55.
  12. Paytress 2003, s. 57.
  13. Cairns, Dan (26. august 2007), «I didn't get permission - I just went ahead and did it», The Sunday Times 
  14. Goldman, Vivien (3. desember 1977). «New Music – Siouxsie Sioux Who R U?». Sounds. 
  15. Morley, Paul. «A World Domination By 1984 Special». NME (14. januar 1978). «They hold the house record at the Vortex. They sold out The Nashville two nights running.» 
  16. Thrills, Adrian. «Complete Control : Siouxsie in Wonderland». NME (24. juni 1978). «If it's our material, we want to have control over what is put out, how it is put out... the packaging and God knows what else.» 
  17. Rambali, Paul. ««Hong Kong Garden» review». NME (19. august 1978). 
  18. Nick Kent. «Bansheed! What's in an Image?». NME (26. august 1978). 
  19. Jon Savage. «A Scream in a Vacuum [Join Hands review]». Melody Maker (1. september 1979). 
  20. Gurr, Ronnie. «Join Hands review». Record Mirror (1. september 1979). 
  21. Paytress 2003, s. 81–82.
  22. Paytress 2003, s. 93–94.
  23. Paytress 2003, s. 94–95.
  24. Paytress 2003, s. 97–98.
  25. Paytress 2003, s. 101.
  26. Paulo Hewitt. «Siouxsie's sketches». Melody Maker (26. juli 1980). 
  27. Paytress 2003, s. 259.
  28. Paytress 2003, s. 105.
  29. Betty Page. «Juju review». Sounds (27. juni 1981). 
  30. «Siouxsie & the Banshees – Official Charts». Official Charts Company. Henta 21. juli 2013. 
  31. «Johnny Marr Top Ten Guitarists». Uncut (November 2004). 
  32. «Johnny Marr Top Ten Guitarists». Morrissey-solo.com. Henta 12. august 2020. 
  33. Paytress 2003, s. 110–11.
  34. Mulholland, Garry (November 2012). «Siouxsie And The Banshees: «We were losing our minds»». uncut.co.uk. Time Inc. (Storbritannia) Ltd. 
  35. Paytress 2003, s. 124.
  36. Steve Sutherland. «Awakening Dreams [A Kiss in the Dreamhouse review]». Melody Maker (6. november 1982). «Dreamhouse is an intoxicating achievement» 
  37. Jim Reid. «A Kiss in the Dreamhouse review». Record Mirror (6. november 1982). «This is a very fine pop record.» 
  38. Cook, Richard (6. november 1982). «A kiss in the Dreamhouse review». NME. Rock's Backpages (subscription required). Henta 12. august 2020. 
  39. Paytress 2003, s. 126–27.
  40. Paytress 2003, s. 129.
  41. Paytress 2003, s. 137, 143.
  42. Paytress 2003, s. 134.
  43. Paytress 2003, s. 142–43.
  44. Mark Jenkins. «The Thorn review». NME (25. oktober 1984). 
  45. Paytress 2003, s. 154.
  46. Kevin Murphy. «Pop's Royal Couple?». Sounds (5. mai 1986). 
  47. Paytress 2003, s. 158.
  48. «Music Is Love! 15 Tracks That Changed The World». Mojo 163 (June 2007). 
  49. «Covers archive». Mojo. Arkivert frå originalen 16. juni 2013. Henta 12. august 2020. 
  50. Paytress 2003, s. 162–63.
  51. Mark Cooper. «Peepshow Siouxsie and the banshees [review]». Q (September 1988). 
  52. 52,0 52,1 Kane, Peter (23. juli 1988). «single of the week (Siouxsie and the Banshees, Peek-a-Boo)». Sounds. 
  53. 53,0 53,1 «Siouxsie and the Banshees – awards [Billboard]». AllMusic. Arkivert frå originalen 22. oktober 2011. Henta 6. november 2011. 
  54. Morton, Roger. «Peek-A-Boom [Boomerang review]». NME (11. november 1989). «A rich and unsettling landscape of exotica» 
  55. Paytress 2003, s. 188–89.
  56. The Stud Brothers. «Single of the week (Kiss them for me by siouxsie and the Banshees)». Melody Maker (18. mai 1991). «Sublime, [...] It doesn't just groove, [...] It floats almost imperceptibly to its ecstatic climax, each sweet verse and saccharin chorus a tantalising hint of what's to come.» 
  57. Paytress 2003, s. 208.
  58. Paytress 2003, s. 216.
  59. Cathi Unsworth. «Baby, Come back». Melody Maker (14. januar 1995). 
  60. Paytress 2003, s. 224.
  61. «Split in the Dreamhouse». Melody Maker (13. april 1996). 
  62. «Anima Animus review». The Times. 13. februar 1999. «hypnotic and inventive» 
  63. Nigel Williamson (27. november 2004). «Siouxsie & the Banshees». The Times. 
  64. «Voices on the Air: The Peel Sessions». AllMusic. Henta 19. mai 2010. 
  65. «Siouxsie and the Banshees relaunch archival campaign, new reissues due out in October». Consequenceofsound. 22. august 2014. Henta 1. september 2014. 
  66. «Siouxsie on the cover of Mojo November 2014». Greatmagazines. 25. september 2014. Arkivert frå originalen 4. desember 2014. Henta 12. august 2020. 
  67. «A journey into sound compiled for Mojo by Siouxsie and Steven Severin», Mojo, November 2014 
  68. «Siouxsie & The Banshees 'Join Hands' – Record Store Day 2015 reissue…». louderthanwar.com. 10. mars 2015. Henta 18. mars 2015. 
  69. «USA Vinyl Repress Siouxsie and the Banshees». soundstagedirect.com. Arkivert frå originalen 23. august 2018. Henta 1. juli 2018. 
    «Europe & UK Vinyl Siouxsie and the Banshees». udiscovermusic.com. Henta 1. juli 2018. 
  70. «The Scream Blue Vinyl». Left-Legged.com. Henta 12. august 2020. 
    «The Scream Blue Vinyl». Banquetrecords. Henta 12. august 2020. 
    «The Scream Blue Vinyl». Piccadillyrecords. Henta 12. august 2020. 
    «The Scream Blue Vinyl». Reflexrecord. Henta 12. august 2020. 
  71. Reynolds, Simon (2005). Rip It Up and Start Again: Postpunk 1978–1984. Penguin. s. 427. ISBN 0-14-303672-6. 
  72. Cillshow, Hazel (10. oktober 2016). «How Marie Antoinette's Soundtrack Became a Classic». Mtv.com. Henta 12. august 2020. «Coppola paired the pretty, pale luxury of Versailles with the sound of new wave acts like [...] Siouxsie and the Banshees» 
    Hardy, Ernest (22. oktober 2003). «Basement Jaxx: Kish Kash [featuring Siouxsie]». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 10. november 2007. Henta 12. august 2012. 
    Schwartz, Missy (17. desember 2004), «Sioux City; New-wave goddess Siouxsie Sioux led the way for kick-ass frontwomen with bold style. And the Queen Banshee is still wailing», Entertainment Weekly 
  73. Buckley, Peter (2003). The Rough Guide to Rock. Penguin books. ISBN 978-1843531050. «Siouxsie and the Banshees began to build a wider audience and it was the vastly influential «Juju» (1981) that propelled them to the very front of the alternative-rock scene» 
  74. «Top 10 Billboard Chart Milestones», magasinet Billboard, s. 17, 27. november 2004 
  75. Hook, Peter (2011). The Hacienda: How Not to Run a Club. Simon & Schuster. ISBN 978-1847391773. «I went to see Siouxsie and the Banshees at The Oaks, and I still have my ticket» 
  76. «Playlist – Peter Hook's «Field recordings». Q magazine. 23. april 2013. Henta 10. januar 2017. 
  77. Savage, Jon. «Martin Hannett [Full transcript of interview with Martin Hannett]». JonSavage.com. Arkivert frå originalen 13. juni 2011. Henta 15. november 2015. 
  78. Paytress 2003, s. 95.
  79. Paytress 2003, s. 96.
  80. Blade, Richard. «Morrissey – KROQ interview, 7-6-97 (pt. 4/4)». morrissey-solo.com. Henta 12. august 2020. 
  81. Maconie, Stuart. «Hello Cruel World». Q (April 1994). 
  82. Horner, Al (19. september 2014). «Johnny Marr On Working With». NME. Arkivert frå originalen 24. januar 2020. Henta 15. november 2018. 
  83. Mitchell, Pete. «Spellbound : the story of John McGeoch» BBC2. February 2008. Henta 12. august 2020. About McGeoch's contribution to the single «Spellbound», Marr stated: «It's so clever. He's got this really good picky thing going on which is very un-rock'n'roll and this actual tune he's playing is really quite mysterious». Radio 2's Pete Mitchell talks to Howard Devoto, Siouxsie Sioux and Johnny Marr among others, as he shines a light on the life of this unsung guitar hero.
  84. McCormick, Neil (2006). U2 by U2. HarperCollins Publishers. s. 56, 58 and 96. 
  85. «U2 Jukebox». U2wanderer.org. Henta 12. august 2020. 
  86. «Dave Gahan questionnaire». Look-in. December 1981. Arkivert frå originalen 27. november 2008. Henta 3. mai 2017. 
  87. «Jim Reid Duration: 1 hour». BBC Radio 6. 4. mars 2012. Henta 12. august 2020. «Jim Reid of The Jesus and Mary Chain plays some of his favourite records, including tracks by Pink Floyd, Siouxsie & the Banshees, The Monkees and Muddy Waters» 
  88. Kaye, Ben (17. januar 2014). «Here are Thurston Moore's favorite songs of all time». ConsequenceofSound.com. Arkivert frå originalen 11. mars 2017. Henta 21. januar 2014. 
  89. North, Aaron (19. januar 2005). Kevin Shields: The Buddyhead Interview. Buddyhead. (Interview) (New York City). Arkivert frå originalen 8. april 2005. Henta 12. august 2020. «Kevin: Well, we started playing with a bass player who was your typical early 80s, slightly funky... Gang Of Four type guy. So then we moved from being a typical punk band to being much more like Joy Division and Siouxsie and the Banshees.» 
  90. Monroe, Jazz (11. juni 2017). «Thom Yorke Talks Early Radiohead». Pitchfork.com. Arkivert frå originalen 11. juni 2017. Henta 11. juni 2017. 
  91. «Radiohead Biography». capitolmusic.ca. Arkivert frå originalen 29. juni 2006. Henta 12. august 2020. «Colin Greenwood remembers: «The first single we're releasing is actually the longest song on the record. (»There There«). It was all recorded live in Oxford. We all got excited at the end because Nigel was trying to get Jonny to play like John McGeoch in Siouxsie and the Banshees.»» 
  92. Binelli, Mark (7. februar 2008). «The Future According To Radiohead How they ditched the record business and still topped the charts». Rolling Stone (1045). Arkivert frå originalen 25. august 2017. Henta 12. august 2020. «By the last weeks of December, the band was beginning to rehearse for its 2008 tour. The rehearsals included a number of covers: Siouxsie and the Banshees, The Smiths, «The Night» by Frankie Valli and the Four Seasons.» 
  93. Jeff Buckley «Killing Time» (Siouxsie – The Creatures cover). Untiedundone.com. Henta 21. april 2007. Buckley's version of «Killing Time» performed at the radio WFMU Studios, East Orange, New Jersey, 10. november 1992. «Killing Time» is a Creatures song from their Boomerang album. Buckley also performed it in January 1995 in London at the Astoria.
  94. «JeffBuckley-fr.net» Arkivert 12. oktober 2007 ved Wayback Machine.. Henta 12. august 2020. List of songs covered by Jeff Buckley, including «Killing Time» composed by Siouxsie for the Creatures.
  95. «Jeff Buckley The Records Collection». Jeffbuckleycollection.com. 2016. Arkivert frå originalen 19. juli 2016. Henta 21. juli 2016. «[enter 'Siouxsie' in the research]» 
  96. «The Best Thing I've Heard – Brett Anderson Suede head». Mojo. 24. november 2011. Arkivert frå originalen 16. mars 2011. Henta 12. august 2020. «I've been listening to lots of my old records, like... Siouxsie & The Banshees' Ju Ju» 
  97. «Red Hot Chili Peppers Setlists». saunalahti.fi. Arkivert frå originalen 7. juni 2011. Henta 12. august 2020. 
  98. Dalley, Helen. «John Frusciante». Total Guitar (August 2002). 
  99. Paytress 2003, s. 9.
  100. Dave Simpson. «Rebellious Jukebox». Melody Maker (28. mars 1998). «Siouxsie embodied everything I wanted to be when I was a freaky adolescent. She was really articulate and string; there's so much power in songs like 'Jigsaw Feeling'.» 
  101. 101,0 101,1 «PJ selects her Top 10 Albums of 1999.». pjharvey.net. 7. januar 2000. Arkivert frå originalen 30. juni 2001. Henta 6. november 2011. 
  102. Love, Courtney (2007). Dirty Blonde: The Diaries of Courtney Love. MacMillan. s. 35. ISBN 978-0-330-44546-7. «[List of her favourite records] Siouxsie and the Banshees Best-of» 
  103. «Sommaire 412». rocknfolk.com. Arkivert frå originalen 10. oktober 2011. Henta 6. november 2011. 
  104. «Tricky – Similar Artists, Influenced By, Followers». AllMusic. Henta 12. august 2020. 
  105. «cover me». moon-palace.de. Henta 12. august 2020. 
  106. «massive attack discography – tune info + lyrics – superpredators». inflightdata.com. Arkivert frå originalen 13. juli 2011. Henta 12. august 2020. 
  107. Dufresne, Charles (27. mai 2010). «Vous avez interviewé Air». 20minutes.fr. Henta 23. desember 2010. 
    Richard, Benoit (11. april 2016). «5+5 = Jean-Benoît Dunckel [interview]». Ben. Henta 12. august 2020. 
    Brinn, David (23. september 2008). «A breath of Fresh Air». Jerusalem Post. Henta 23. desember 2008. «I grew up listening to all kinds of music, classical but also a lot of electronic music like Kraftwerk, then all the English dark rock like Joy Division, Siouxsie And The Banshees, and of course I was a big fan of David Bowie Iggy Pop and Lou Reed» 
  108. «Billy Corgan plays X tracks while hosting SiriusXM Lithium station». crestfallen.com. 28. oktober 2011. Arkivert frå originalen 31. august 2013. Henta 14. juli 2015. 
  109. «Faith No More - Switch - Melbourne 2010». youtube. Henta 5. mars 2015. 
  110. Wiederhorn, Jon (4. november 2014). «Interview: Faith No More Give Update from the Studio». Revpmver. Henta 12. november 2014. 
  111. Pulver, Sarah. «LCD Soundsystem». Thrasher Magazine (September 2005). Arkivert frå originalen 22. januar 2009. Henta 12. august 2020. «My first album: I got some birthday money, went to the record store and bought Siouxsie and the Banshees' Join Hands, the Fall Grotesque, and the Birthday Party Nick the Stripper, all in one day. And all three of those records are three of my favorite things I've ever heard.» 
  112. Scott Lapatine. «Earlash interview». Earlash (April 2004). Arkivert frå originalen 14. juni 2006. Henta 6. november 2011. 
  113. «Icon: Siouxsie». The Fader 67 (The Icon Issue, April–May 2010): 71. 
  114. «Icon: Siouxsie». Fader 67 (The Icon Issue, April–May 2010): 73. 
  115. Frenette, Brad (7. mars 2011). «DeVotchKa finds joy in the sadness – interview». National Post. Arkivert frå originalen 22. januar 2014. Henta 20. januar 2014. «We were playing in Montreal, and Arcade Fire stopped by, back in the earlier days. We were doing this covers album and Win [Butler] recommended that we record The Last Beat of My Heart» 
  116. Larry Fitzmaurice (28. april 2009). «Q&A: Gossip». Spin. Arkivert frå originalen 15. mai 2009. «What bands influenced the new album's sound? Everything from the Birthday Party to house music and Siouxsie and the Banshees.» 
  117. O'Kane, Josh (18. september 2008). «Talking Bloc during Harvest Jazz – Bloc Party frontman Kele Okereke talks life, love, music and Ultimate Fighting». [Here] New Brunswick. Arkivert frå originalen 8. juli 2011. Henta 12. august 2020. «With the new record, he said he was inspired by a song written years ago by Siouxsie and the Banshees called Peek-a-Boo. 'I heard it for the first time, and it sounded like nothing else on this planet. This is just a pop song that they put out in the middle of their career that nobody knows about, but to me it sounded like the most current but most futuristic bit of guitar-pop music I've heard. I thought, that'd be cool, to make music that people might not get at the time, but in ten years' time, people would revisit it.«» 
  118. Prato, Greg (29. oktober 2013). «A Perfect Circle Co-Founder: Hits Album a ‘Semi-Tearjerking Exercise’». Rolling Stone.  |access-date= requires |url= (hjelp)
  119. Neyland, Nick (28. mars 2011). «The Weeknd's House of Balloons». Pitchfork Media. Arkivert frå originalen 23. juli 2012. Henta 12. august 2020. «So here on the title track from that mixtape, we get a more-than-generous portion of Siouxsie and the Banshees' 1980 single »Happy House.« which is worked into a softly anthemic slow-burn number full of diva-ish vokal tied to a chilly beat. John McGeoch's riff remains untouched and runs throughout most of the track, giving it a filmy pop feel that periodically peaks with a generous swipe from the »Happy House" chorus» 

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikifrasar Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: Siouxsie and the Banshees