Sir Patrick Spens

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Glasmåleri av Charles Cameron Baillie som illustrerer «Sir Patrick Spens».

«Sir Patrick Spens» er ein av dei mest populære av Child Ballads (nr. 58), og er hovudsakleg av skotsk opphav.[1]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Soga i balladen minnar minnar om ei verkeleg hending: då den skotske dronning Margaret, jomfrua av Noreg vart ført over Nordsjøen i 1290 (sjølv om det finst spekulasjonar om det kan ha vore ei reise gjort av prinsessemora i 1281). Den sju år gamle prinsessa døydde under overfarten, men ikkje slik sir Patrick gjer i denne songen. Mange av skipa som vart sende for å hente ho er sagt å ha forlist.

Opningslinjene syner til kongen som er spesifikt plassert i Dunfermline, der det historisk sett var ein kongebustad, Malcolm's Tower.[2]

Namnet «Patrick Spens» finst ikkje i historia, og som mange heltar i slike balladar, er det truleg ikkje ein verkeleg person,[3] sjølv om enkelte historikarar meiner han i røynda var sir Patrick Vans.[4]

Soga[endre | endre wikiteksten]

Soga som vert fortalt i balladen har mange versjonar, men dei følgjer alle den same grunnsoga. Kongen av Skottland har kalla inn dei beste sjømennene i landet for å gjere eit ærend for kongen. Namnet «Sir Patrick Spens» vert nemnd av ein hoffmann, og kongen sender avstad eit brev. Sir Patrick, som seier takk til det ærefulle oppdraget, men vert forferda då han skjøner at han må dra til havs midt på vinteren, og skjøner at reisa gjerne kan bli hans siste.

Versjonane går i litt forskjellige retningar etter dette. Somme indikerer at skipet kom ut for ein storm og sokk, og balladen endar her, medan mange fortel at sir Patrick kom seg trygt til Noreg. I Noreg kranglar dei norske herrane og skottane, som vert skulda for å vere ein økonomisk byrde for kongen. Sir Patrick vert fornærma og reiser avstad dagen etter. Nesten alle versjonane fortel om det dårlege teiknet ved at han ser «the new moon late yestreen, with the auld moon in her arms» («nymånen seint i går kveld, med den gamle månen i armane») og moderne vitskap syner til at tidvatnet er på det kraftigaste på denne tida. Vinterstormane tar knekken på den store sjømannen og sender han og dei skotske herrane til botn av havet.

Innspelingar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Francis James Child, English and Scottish Popular Ballads, "Sir Patrick Spens"
  2. The king sits in Dunfermling toune
    Drinking the bluid-reid wine...
  3. Francis James Child, The English and Scottish Popular Ballads, v 2, s 19, Dover Publications, New York 1965
  4. Maurice Lindsay, "The Lowlands of Scotland", s. 175, Robert Hale & Co, 1973

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikisource

Originaltekst av Sir Patrick Spens ved Wikisource.