Siri Bjerke

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Siri Bjerke
none  Siri Bjerke i 2009Foto: Kommunikasjonsavdelinga, Nord-Trøndelag fylkeskommune
Siri Bjerke i 2009
Foto: Kommunikasjonsavdelinga, Nord-Trøndelag fylkeskommune
Fødd 19. juni 1958
Oslo
Død 11. februar 2012

Siri Bjerke (19. juni 195811. februar 2012) var ein norsk politikar frå Arbeidarpartiet. Ho var vararepresentant på Stortinget og sat som miljøvernminister, og deretter hatt leiande stillingar i Næringslivets Hovedorganisasjon og Innovasjon Norge.

Bjerke vart fødd i Oslo. Ho tok grunnfag i psykologi frå Universitetet i Oslo.

Siri Bjerke var varerepresentant på Stortinget for Oslo i periodane 1997-2001 og 2001-2005. Ho var statssekretær i Utanriksdepartementet i Gro Harlem Brundtland si tredje regjering og Thorbjørn Jagland si regjering.

Frå 17. mars 2000 til 19. oktober 2001 var Bjerke statsråd og sjef for Miljøverndepartementet (miljøvernminister) i Jens Stoltenberg si første regjering.

I perioden 2002-2005 var Bjerke direktør for næringspolitikk i Næringslivets Hovedorganisasjon. Frå 2005 arbeidde ho som divisjonsdirektør i Innovasjon Norge.

Bjerke døydde i 2012 etter lang tids kreftsjukdom. [1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]