Siri Frost Sterri

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Siri Frost Sterri
Fødd20. september 1944
Trondheim
Død29. oktober 2023 (79 år)
Statsborgar avNoreg
PartiHøgre
Yrkepolitikar
Utdanna vedVolda lærarhøgskule
Universitetet i Trondheim
MorMilly Frost
FarOla Frost
Alle verv

Siri Frost Sterri (fødd 20. september 1944 i Trondheim, død 29. oktober 2023) var ein norsk lærar og politikar for Høgre.

Bakgrunn og yrkeskarrière[endre | endre wikiteksten]

Sterri var dotter av murmeister Ola Frost og Milly Thorsen, aktive Høgre-folk begge. Siri Frost gjekk ved Ila skule 1951–1958, realskole ved Gerhard Schønings skole 1958–1960 og gymnas same stad 1960–1964. Ho studerte deretter til almennlærar ved Volda lærarhøgskule 1964–67 og tok grunnfag i musikk ved Universitetet i Trondheim 1968–69. Seinare tok ho òg ei årseining i spesialpedagogikk ved Trondheim lærarhøgskule 1980–81.

Ho var lærar på ungdomstrinnet ved Hommelvik ungdomsskole 1969–1981, pedagogisk konsulent ved Malvik skulekontor 1981–1985 (med permisjon frå 1985) og assisterande skulesjef i Malvik frå 1993. Allereie som gymnasiast var ho politisk aktiv, og frå 1985 byrja ein sekstenårig periode som stortingsrepresentant.

Sterri har òg hatt ei rekkje verv, mellom dei formann i Malvik lærerlag 1974–1977 (hovudtillitsvalt 1975–1980), styremedlem i Uttrøndelag lærerlag 1975–1981 (hovudtillitsvalt 1978–1979), formann i skuleutvalet ved Malvik vidaregåande skule 1984–1991, medlem av Arbeidsutvalet til det norske hageselskap 1989–1993, styreformann i Olavshallen AS 1995–1999, styreleiar ved Stiklestad nasjonale kultursenter 2005–2009, nestleiar i Nationaltheatrets styre frå 2009 og medlem av representantskapa i Adresseavisen ASE, Noregs Bank, BN-kreditt AS og BNbank ASA.

Politisk arbeid[endre | endre wikiteksten]

Sterri var formann i Malvik Unge Høgre 1961–1963, formann i Volda Unge Høgre 1964–1966, viseformann i Møre og Romsdal Unge Høgre i 1965, varamedlem av Unge Høgres sentralstyre 1965–1967, formann i Møre og Romsdal Unge Høgre i 1966, viseformann i Malvik Høgrekvinner 1973–1974, formann i Malvik Høgrekvinner 1975–1977, viseformann i Malvik Høgre 1975–1977.

Deretter tok ho steget til medlem av Malvik kommunestyre 1975–1979, medlem av Sør-Trøndelag fylkesting 1979–1985, viseformann i Sør-Trøndelag Høgre 1982–1984, medlem av Høgres programkomité 1983–1985, formann i Sør-Trøndelag Høgre 1984–1986 og dessutan medlem av Høgres sentralstyre 1984–1993. Ho var innvald på Stortinget frå Sør-Trøndelag 1985–2001, nestleiar i Høgrekvinnene 1987–1989, leier i Høgrekvinnene 1989–1993 og leiar i Høgres Studieforbund 1995–2001. Ho verka hovudsakleg innan Stortingets kyrkje-, utdannings- og forskingskomité, og i perioden 1997–2001 var ho 2. visepresident i Lagtinget. Frost Sterri har vore Høgre si utdannelsespolitiske talsperson.

Etter tida på Stortinget var ho leiar i Høgres valkomité 2002–2006 og medlem av Malvik kommunestyre 2003–2007.

Stortingskomitear[endre | endre wikiteksten]

  • 1993–1997 medlem i Den førebuande fullmaktskomiteen
  • 1993–1997 sekretær i Kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen
  • 1993–1997 medlem i Den utvida utanrikskomiteen
  • 1993–1997 medlem i Valkomiteen
  • 1993–1997 medlem i Fullmaktskomiteen
  • 1997–2001 medlem i Utanrikskomiteen
  • 1997–2001 medlem i Den utvida utanrikskomiteen
  • 1997–2001 medlem i Valkomiteen
  • 1997–2001 medlem i Fullmaktskomiteen

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]