Hopp til innhald

Siri Hangeland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Siri Hangeland
Fødd1. april 1952 (72 år)
Statsborgar avNoreg
PartiSosialistisk Venstreparti
Yrkepolitikar
Utdanna vedUniversitetet i Bergen
MedlemNorsk Kvinnesaksforening
Alle verv
  • Leder for Norsk Kvinnesaksforening (1990–1992)
  • Leder for Norsk Kvinnesaksforening (1998–2004) Sjå dette på Wikidata

Siri Hangeland (fødd 1. april 1952) er ein norsk SV-politikar, kvinnesaksforkjempar og lektor. Ho var leiar for Norsk Kvinnesaksforening i periodane 1990–1992 og 1998–2004, i tillegg til nestleiar i fleire periodar.[1][2][3]

Hangeland blei oppnemnd av Utanriksdepartementet som medlem av Utvalet for menneskerettar i 1996.[4] Ho var styremedlem i International Alliance of Women til 2010.

Hangeland blei cand.philol. i norsk ved Universitetet i Bergen i 1981 med hovudoppgåva Sosiolingvistiske forhold i Kristiansand bymål.[5]

  1. Elisabeth Lønnå: Stolthet og kvinnekamp: Norsk kvinnesaksforenings historie fra 1913 (s. 336), Gyldendal Norsk Forlag, 1996, ISBN 8205244952
  2. «– Langt igjen til likelønn». Verdens Gang. 
  3. «Kvinnepolitisk utvalg». Sosialistisk Venstreparti. 
  4. «Siri Hangeland». The Norwegian State Administration Database. 
  5. Siri Hangeland, Norsk Kvinnesaksforening.