Siri Kalvig

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Siri Kalvig på kyrkjemøtet i 2007.
Foto: Kirkens informasjonstjeneste

Siri Margrethe Kalvig (fødd 6. november 1970) er ein norsk meteorolog, gründer og tidlegare administrerande direktør i vêrselskapet Storm Weather Center, i dag StormGeo. I dag leier ho offshoreavdelinga til Storm frå Stavanger.

Siri Kalvig er fødd i Stavanger. Ho var den første kvinnelege vêrmeldaren på norsk TV då ho dukka opp på TV2 tidleg på 1990-talet. I 1997 oppretta ho i lag med TV2 Storm Weather Center og var i starten administrerande direktør.

Kalvig har studert fysikk og astrofysikk ved Universitetet i Oslo, og meteorologi ved Universitetet i Bergen. Tittelen på hovudfagsoppgåva hennar i meteorologi var «Lokal og mikrometeorologi (Vindstress på sjøis i Barentshavet)».

Siri Kalvig har gjeve ut fleire bøker, mellom anna Vær og uvær, ei populærvitskapleg om vêrfenomen, vêrteikn og vêrvarsling i Noreg frå 2000 på Schibsted forlag, og Himmel og Hav i lag med Ellen Viste frå 2007 om klimaendringar i Noreg og verda.

I 2007 fekk ho i oppdrag av Miljøvernsdepartementet å reise rundt på ein foredragsturné i lag med Hilde Holdhus frå Storm og Cecilie Mauritzen og Inger Hanssen-Bauer frå Meteorologisk Institutt kalla «Himmel og Hav - klima og endring».